Alt me må og skulle ha gjort…
Eg veit ikkje om det er fleire enn meg som kan koma i ei slags bakevje og bare ikkje får gjort noko som absolutt skulle gjerast. Ein del ting får eg gjort så lett som bare det, men…
I dag har eg fått gjort noko som det har plaga meg i fleire år at eg ikkje har fått gjort… Og nå er eg nesten litt stolt av meg sjølv, fordi eg endeleg bare gjorde det…
Eg går ut frå at det er fleire enn meg som har svake punkt i sin elles nokså flinke og vaksne personlegdom. Det kan for eksempel vera ei lita jente eller ein liten gut der inne som bare ikkje har lyst til eit eller anna som dei fleste ansvarlege vaksne tek på strak arm. Kanskje dei rett og slett er litt redde…
Eg veit om folk som ikkje har vore hos tannlegen på veldig lenge. Det har eg… Men det er nok bare fordi eg får ei ubarmhjertig innkalling frå den omsorgsfulle tannlegen min om kva dato og klokkeslett eg bare har å stilla opp… Då luskar eg i veg, relativt motvillig, men eg gjer det.
I dag har eg vore hos legen. Eg vil ikkje seia kor lenge det er sidan sist eg var der, men det er rett og slett uansvarleg lenge sidan, nærare ti enn fem år sidan for å koma med pinlege og omtrentlege innrømmingar. Eg må innrømma at brev frå kreftregisteret om slike prøvar som må takast med jamne mellomrom har hatt ein tendens til å ligga ganske lenge på skrivebordet mitt før dei når fjernarkivet. Inne i hodet mitt har eg dei siste åra sett utallige datoar som, i august, då bestiller du legetime… Og så har det liksom vore mange gode grunnar til å gløyma det… I tillegg til at eg har kjend på at dette er uansvarlegheit over for eiga helse, så har eg tenkt at det blir pinleg å fortelja korfor eg rett og slett bare har latt vera å koma…
Nå har eg vore der! Eg gjekk inn på eigne bein utan fylgje og det gjekk heilt fint til og med. Ikkje fekk eg kjeft ein gong. Rett nok låg eg vaken nokon timar i natt og tenkte gjennom alle diagnosane eg eventuelt ville få med meg heim att… Kanskje for eksempel blodtrykket var så spinngale at dei bare måtte bestilla ambulanse til meg med det same?
Nåde over nåde, nå har me begynt på ny, legesenteret og eg.
Frå nå av skal eg troppa ansvarleg opp der rett som det er… Då eg hadde vore på laboratoriet og teke ein del prøvar sjangla eg lukkeleg ut for å møta syster mi til lunsj. Først då måltidet var over, kom eg til å tenkja på at eg hadde gløymt å betala for meg på legekontoret. Eg prøvde å ringa opp, men då var det stengt for dagen. Om nokon frå Sandtangen legesenter les dette, så skal eg nok gjera opp for meg…
Etterpå var eg flink samfunnsborgar og gjekk for å stemma for eller mot kommunesamanslåing. Eg må innrømma at eg framleis ikkje heilt hadde bestemt meg når eg gjekk inn døra, men av prinsipp lar eg meg ikkje få lov til å la vera å bruka stemmeretten. Det å stemma blankt kjendest litt meiningslaust det og, så eg fekk kvinna meg opp til å ta ei avgjersle…
Og dersom nokon lurer på om eg kjenner meg vaksen og ansvarleg i kveld, så er svaret ja. Mine dagar som medisinsk unnasluntar er tilbakelagde…
Heidi