Første mai 2016
Ute er det langt frå sommar. Våren er heller sein. Eg startar dagen med å lesa dei siste hundre sidene i Kari Brænne sin roman «Himelfall». Boka spelar på den gamle myten om at ei av døtrene til Tsaren skulle ha overlevd henrettinga under den russiske revolusjonen.. Kari Brænnes har veld å la Maria vera den som overlevde. I romanen møter ho sjølv den 113 år gamle Maria Romanovna i Barcelona der Maria fortel henne livshistoria si. Eg har funne ut at den måten å skriva på blir kalla kontrafaktisk, ein roman om noko som faktisk kunne ha skjedd. Eg som er glad i både historie og biografisk stoff har kost meg med boka. Ho var lett å lesa sjølv om ho er på mellom sju- og åttehundre sider.
Me hadde sein sundagsfrokost med kaffi og heimebakt brød. Eg måtte ut og fotografera kirsebærtreet vårt som ein slags dokumentasjon på våren 2016. Det har hend fleire gonger at det har stått i full blom første mai, men i år er våren heller sein. Det ser likevel ut til at det skal bli blad og blomar i år og.
Eg hadde litt eg gjerne ville ha skrive, så me fann ut at det fekk bli rasiogudsteneste i dag. Eg tenkte at radiogudstenesta i dag sikkert ville handla litt om solidaritet og slikt som eg faktisk synest er ganske viktig å snakka om på første mai. Eg vart ikkje skuffa. Då musikken strøymde innpå arbeidsromet vår, sa eg til Leif at «Eg trur det er Carl Petter som spelar.» Eg meinte å kjenna att Carl Petter Opsahl sin klarinett, og det viste seg at eg hadde rett. Han er ein flott musikar og eit fint menneske som eg har vore så heldig at eg har fått samarbeida med i fleire omgangar. Eg håpar det blir meir samarbeid.
Dei siste dagane har eg tenkt litt på første mai for tretti år sidan. Det var ein varm og fin vårdag i Oslo, me budde der på den tida. Me var ute i gatene og såg på feiringa. Eg var synleg gravid for første gongen, og venta Odd Christian i august. På den tida visste eg endå ikkje at han ville drøya fødselen til to veker etter termin og bli septemberbarn…
Eg hadde på meg ny mammakjole i oransje blomstrete viskose som Eva Mari hadde sydd til meg . Det var så varmt at eg kasta jakken. Eg trur til og med at eg tok av meg skoa og gjekk barbeint ei stund. På den tida elska eg å gå barføtt i gatene, sjølv om eg hadde høyrt av ei nokså striks nabodame me hadde på den tida at slikt gjorde ein ikkje, det var uhygienisk og ufyseleg, og ho ville i alle fall sleppa å sjå fleire gonger at eg gjekk barføtt i trappeoppgangen.
Dette var få dagar etter Tsjernobyl- ulykka, og framleis visste me lite om strålefare. Seinare kom det fram at mange meinte det hadde vore mest tilrådeleg om gravide og småbarn som budde aust i landet, var blitt oppfordra til å halda seg inne desse første dagane. Eg vart sjølvsagt litt engsteleg og angra på at eg ikkje hadde stått over raude faner, bare bein og softis ute på gata denne dagen, men det er mykje som tydar på at det gjekk bra …
Dei siste tolv åra, ser det ut til, har eg drive med den litt besynderlege aktiviteten å skriva maiblogg… Det vil seia at eg har hatt ein fiks idé om å skriva litt kvar einaste dag for å dokumentera denne månaden som er ein av mine absolutte favorittar. Eg gjer vel eit forsøk i år og trur eg… Akkurat nå kunne eg godt ha tenkt meg å sitja her og skriva i timesvis. Nokre dagar er det å skriva blogg det kjekkaste og mest meiningsfylte eg kan tenkja meg… Men me får viss koma oss ut og få litt luft og trim. Kanskje eg får sjansen til å dela litt av det andre eg har på hjartet sånn etterkvart, eller kanskje me rett og slett får ta resten av månaden til hjelp? Eg har lyst til å leggja ut nokre foto frå i går før eg finn turskoa…
Ingrid hadde ein ekstra mops å lufta denne dagen, så me tok oss ein strandtur med desse to sjarmørane. Det var dessverre ikkje lett å få dei til å posera samtidig…
Men havet er jo alltid eit fint motiv sjølv om ein bare har med seg mobilkamera. Det som ser ut som store svarte fuglar er til nyssgjerrige ornitologar sin opplysning rett og slett surfarar, trur eg…
Eg har ei kjensle av at turkameratane mine er i ferd med å bli litt utolmodige, så eg får gjera meg klar.
Ha ein fin første mai. Teksten frå Knut Grønvik i dag handla om ein Gud som oppfordrar oss til å vera på dei svake si side. Utfordringa vår blir å klara å sjå kven som verkeleg er dei svake og be om klokskap, styrke og vilje til å verkeleg stå opp for dei som treng det.
Heidi