Jeg mot meg
Den siste kvelden i april, sat eg i sofaen framfor fjernsynet med strikketøy mellom hendene. Eg såg dei fire siste gruppeterapiprogramma i serien «Jeg mot meg». Etter å ha sett sjølve serien, som gjorde veldig sterkt inntrykk på meg, vart eg henrykt over å oppdaga at ei rekkje program med opptak frå terapien og låg ute på nettet. Det har vore interessant å sjå på, og eg er veldig imponert over måten psykologen Peder Kjøs jobbar med ungdomane på. Eg må innrømma at eg sit att med ei bekymring over korvidt det kjem til å vera greitt for ungdomane i ettertid at dei er blitt så offentleg eksponerte med sine mest sårbare opplevingar og personlegdomstrekk. Eg håpar at dei vil møta storsinn og respekt når dei skal ut og møta nye menneske og når dei skal ut og søkja seg jobbar.
Serien viser veldig tydeleg at det ikkje alltid er så lett å vera menneske. Nokre av ungdomane har opplevd det som høyrest ut som omsorgssvikt av alvorleg grad, andre har opplevd valdtekt eller sjølvmord i næraste familie. Felles for alle er erfaringar med angst og depresjon. Det som slår meg mest er kor sårbare barn og unge menneske er. I kor stor grad burde ein ha forventa eller i det minste håpa på at nokon såg kva dei opplevde og kva dei sleit med? Dette gjeld spesielt dei to jentene som fortel at dei i barndomen ikkje opplevde å ha vaksne rundt seg som gav dei den omsorgen, støtten og kjærleiken dei hadde så desperat bruk for. Nå skal det sjølvsagt seiast at alle sanningar er samansette og har mange sider. Eg ser ikkje vekk i frå at det sit foreldre og andre vaksne att etter TV-serien og kjenner seg uthengde og misforstått. Det er ikkje alltid lett å vera menneske for dei som er foreldre heller…
Det første eg seier til meg sjølv, er at me som jobbar med ungar må vera årvakne for kva dei fortel utan å bruka ord. Eg håpar me i travle skulekvardagar, der me ofte spring frå det eine til det andre, må klara å prrioritera å sjå barna meir enn det fokuset me må ha på skuleprestasjonar. Eg reflekterer og over kor glad ein blir i ungdomane i serien fordi ein får sjansen til å bli kjend med dei. Eg håpar me ser på andre menneske med klokskapen og hjarte. Bak ein aggressiv eller inneslutta veremåte ligg det ofte ting me ikkje ser før me koplar på empatien og den positive interessen for å bli kjend med dette mennesket.
På onsdag var eg på eit foredrag i Hinnakyrkja. Det eg opplevde då kunne eg ha lyst til å skriva meir om ein annan dag… Det eg har lyst til å ta med nå i kveld, er første delen av ei velsigning me fekk med oss på vegen heim:
«Måtte det aldri komme en dag der du sier: Ingen bærer meg.
Måtte det aldri komme en dag der du sier: Ingen passer på meg.
Måtte det aldri komme en dag der du sier: Ingen er glad i meg.»
Det er ei velsigning til ettertanke.
Heidi