Trøytt
Timane går i rekordfart og eg heng fast i langevisaren eller noko slikt. Ute er det forsommar og det luktar bjørk og hegg og gras og honning. Det har vore nok ein langdag på jobb der det gjekk i eitt frå åtte til halv sju. Me har begynt å øva på tredjeklasseforestillinga, og me har lagd timeplan til neste år. Etter å ha jobba veldig intenst den siste veka for å bli ferdig med det eg skal bli ferdig med, så har eg endeleg fått kjøpt billett til toget til Oslo på torsdag. Vidare går turen til Lillehammer og litteraturfestival og slikt som eg gleder meg veldig til, men nesten ikkje har hatt tid til å tenkja på endå.
Ute syng fuglane i kor og det er nesten lyst ute sjølv om klokka er elleve om kvelden. Me har hatt koseleg middag på Møllehagen i kveld med dei ungane som er i Bryneområdet. Det var veldig fint. Nå kjenner eg at eg må prøva å sova meg inn, for det å sova har eg vore lite flink til å prioritera i det siste.
Eg har lyst til å ta med ein song frå Iona i dag, nokon bur i denne bøna. Teksten er skriven av John Bell og omsett av Hans Johan Sagrusten.
Sjå den som bur i livd hjå Gud,
under Gud, den høgstes vern,
han seier, Gud, du er mi von,
mi livd, mi borg, min tilflukt.
Han dekkjer deg med vengefjør;
Herrens englar gjev deg livd.
Hans truskap er ditt skjold, fitt vern
Og inkje vondt skal nå deg.
Til englar gjev han bod om deg,
byd dei vara all din veg.
På hender skal dei bera deg
din fot skal ikkje støytast.
Heidi
From → Barna mine, mai, Tru