Gå til innhald

Å reisa gjennom natt og tid

mai 30, 2016

image

Eg trur det å reisa gjennom natt og tid er eit uttrykk frå Mio, min Mio. Det hender eg gjer akkurat det. Reiser gjennom natt og tid… I går reiste eg saman med Astrid og Torun frå Lillehammer, og vel framme på Oslo S skulle eg ta nattoget vidare heim. Den som har veldig behov for å ha kontroll på alt som skal skje, bør kanskje ikkje leva i alt for tette alliansar med NSB, for dei byr stadig vekk på overraskingar… Denne lystavla møtte meg… Tog kansellert, buss for tog frå spor 19…

Eg hadde i grunnen sett fram til å landa i ro og fred på toget, men her gjeld det bare å omstilla seg. Det viste seg at veldig mange tog var innstilde denne kvelden, så det var sett i gang eit heilt apparat av raudkledde folk som skulle geleida passasjerane til dei rette bussane. Heldigvis kunne dei etterkvart fortelja oss at det bare var buss til Kongsberg, så etter ca halvannan time skulle me over på toget.

image

Medan eg venta ved nedgangen til spor 19, vart eg underhaldt av denne kameratgjengen som hadde funne seg eit flygel. Det er då ein strålande ide å ha eit flygel ståande på ein plass der mange ventar, så kan dei ventande underhalda kvarandre.

På bussturen mot Kongsberg regna det med omtrent same trykket som når ein dusj er skrudd vidt open, så eg tenkte at det kunne koma til å bli interessant når folket frå alle bussane skulle få med seg all bagasjen sin over på toget i slikt ver. Det viste seg å bli opplett sånn omtrent i grevens tid.

Denne gongen hadde eg prøvd meg med ein ny type billett. Mot å betala 150 kroner ekstra så fekk ein eit dobbelsete for seg sjølv i komfortvogna, noko som er mykje billigare enn sovekupe. Sidan eg ikkje skulle rett frå nattoget til jobb, så tenkte eg at denne gongen kunne det vera den perfekte løysinga for meg.

Det viste seg å vera ein god idé. I komfortvogna var det stille og fredeleg og då alle var på plass kom konduktøren og delte ut sjokolade til passasjerane i tillegg til ein kupong som gjorde at ein kunne handla for åtti kroner i restaurantvogna og på den måten få kveldsmat eller frokost inkludert.

Sjølv om ein har eit dobbelsete for seg sjølv, så får ein det sjølvsagt ikkje superkomfortabelt, men eg klarte då å sova nokre timar ved å finna nye kreative stillingar kvar gong eg vakna av at eg låg vondt. Klokka halv fem vakna eg sånn ca på Marnadal stasjon og oppdaga at det allereie var lyst. Eg tenkte at dette var ein gyllen anledning til å oppleva korleis ein grytidleg forsommardag arta seg. Eg henta meg først ein kopp kakao og så ein kopp kaffi frå automaten i komfortvogna og sat og nytte synet av det tidlege, nesten gjennomsiktige morgonlyset.  Som tidlegare sagt, så er det ikkje lett å fotografera frå eit togvindu, men då me fekk eit stopp for å venta på eit møtande tog på Helleland stasjon, så gjorde eg eit forsøk.

image

Dette biletet er teke klokka kvart på seks om morgonen, men eg ser at eg ikkje har klart å få fram det nesten magiske morgonlyset. Kanskje eg skal senda min fotograferande mann ut på ein soloppgangstur på mine vegner? Kanskje eg til og med skulle tilby meg å vera med? Tidlege morgonar er ikkje heilt min forse, men lyset var verd å opppleva.

På Bryne stasjon var det deilig å bli henta med bil og reisa heim til god frokost før eg faktisk hadde sjansen til å sova nokre timar.  Helga mi har vore god.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: