Gå til innhald

Siste dagen på Lillehammer

mai 30, 2016

image

Lillehammer er verkeleg ein fin by. Ein god del av dei gamle trehusa er bevarte og det er så met mpange fine plassar i gatene eg kunne ha lyst til å fotografera. Ulempa med å bu der sett gjennom ein jærbu sine auge er dei lange kalde vintrane, og at det vel må bli utruleg glatt å ta seg fram i alle dei bratte bakkane i og rundt bysentrumet.

image

Denne føremiddagen prioriterte me å få med oss ein gudsteneste i den fine kyrkja. image

Me rakk og å tenna lys for nokon me hadde spesielle omtankar for denne dagen. For meg er det fint at levande lys kan stå som brennande symbol for forbøn og varme tankar. Eg skulle ynskja at kyrkjene her i landet hadde endå opnare dører slik at menneske som ikkje primært ynskte å vera gudstenestedeltakarar kunne gå inn for å vera stille, tenna lys, be, høyra på musikk eller ta seg ein kopp kaffi. Kanskje det er eit ynskje eg kan gjera noko med? Me får sjå-.

image

Dagens smak av litteraturfestival var seminaret «Storbarnsliv»  av Guro Hoftun Gjestad, som har skrive bok om det å ha tenåringsbarn. Ho meiner det er eit av tabua i vår tid kor utruleg vanskeleg det kan vera å vera tenåringsforeldre, kor lite innsyn me vaksne ofte reelt har i den digitale ungdomskulturen, og kor mange ungdomar som lever med vonde kjensler omkring det å ikkje vera bra nok i ei tid der det gjeld å vera «Sykt perfekt». Ho hadde mange interessante tankar, mellom anna spørsmålet korleis me kan få ungdomane til å snu «mobilkamerasøkefeltet» bort frå selfiefunksjonen slik at dei ser ei verd i søkjeruta der dei kan gå inn og vera noko for andre sjølv om deira eigne liv ikkje er perfekte.

To gonger denne dagen prøvde me å få med oss ei kunstutstilling av Lisa Aisato, men første gongen hadde dei ikkje opna endå, og andre gongen var det stengt for dagen. Planlegging har aldri vore enkelt. Dagen vart strålande fin likevel.
Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: