Gå til innhald

Lillehammer fredag 27.mai

mai 30, 2016

image

Det er spesielt kjekt å kjøra tog gjennom landskap der eg ikkje er heilt kjend, så togturen mellom Lillehammer og Oslo var ei fin oppleving. Me prata, åt deilig salat og såg ut av vindauget. Eg prøvde meg på å ta nokre bilete ut av togvindauget, men med kombinasjonen av fart og lysrefleksjon i vindauga gjer at det ikkje akkurat er lett å få fine bilete. Eg tek med meg dette for å vida kor fine blomsterenger det kan bli av løvetann og…
Landskapet i Mjøs-området er veldig ulikt det me har heime.

Vel framme sette me oss i parken og kjøpte oss kaffi, og etterkvart kom Astrid med tog frå Brumunddal, så var me fulltallige, Astrid, Astrid, Torun og meg. Eg er djupt takknemleg for at lærarskulevenninner framleis kan vera nære venninner, trettitre år etter at me var ferdige med det siste studieåret me hadde saman.

image

Så kom me oss i veg til det første seminaret for vår del som hadde den akademiskklingande tittelen «Postmodernisme på norsk,» med utgangspunkt i Bjarne Riiser Gundersen si bok «Då Postmodernismen kom til Norge.» Det var ein del spennande tankar å ta med seg der i frå. Eksepsjonelt skarpøygde lesarar vil kanskje kjenna att ryggen til Even Wergeland i høgre kant av biletet…

Me bestemte oss for å gå ut og eta om kvelden og stå over kveldsarrangementet som var slik at ein måtte betala ein samlebillett som gjorde at ein hadde tilgang til sju ulike arrangement. Me hadde ein veldig koseleg kveld, sjølv om eg i ettertid blir nesten litt langøygd når eg ser  i katalogen kva me kunne fått med oss. På slike festivalar blir eg lett biten av den basillen at eg helst vil ha med meg absolutt alt.

Heidi

 

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: