Gå til innhald

Maiføremiddag i Oslo

mai 30, 2016

Sunniva foreslo at me skulle ta frokosten ute. Like ved der ho budde, var det ein frokostkafe, «Godt brød», der dei kunne by på diverse typar frokostrundstykke, nytrekt kaffi og økologisk jus. Veret var av den typen som innbydde til å sitja ute og ete. Medan me sat der fekk me selskap av sporvar som gjerne ville ta del i måltidet vårt.

image

Kvelden før hadde eg eit koseleg måltid på ein liten kafé med Sunniva og Halvard, før det vart seinkveld i kollektivet til Sunniva, der absolutt alle var i eksamens innspurten. Eg fekk gleda av å sjå Sunniva og Irene si forstilling på I-pad. Vaksne barn er noko av det finaste ein kan ha, faktisk noko av det einaste som kan måla seg med det å ha små barn.

image

Då Sunniva måtte vidare til eksamenslesinga sette eg kursen mot sentrum i solskin og sommartemperatur med trillekofferten min på slep. Syns- og luktinntrykka kombinert med kjensla av sol i ryggen er sterke saker i dette hjørnet av kalenderåret. Ikkje mykje på luktefronten kan overgå nyutsprungne syrinar.

image

Og framleis er me ikkje blitt heilt tilvende synet av fargesterke blomar.

image

Eg sette meg ved tigeren med notisboka mi og skreiv litt den siste halvtimen før eg skulle møta Torun. Eg er som ein magnet på alle tiggarar, spesielt dei frå Romfolket, og eg kjenner meg utruleg utfordra. Det kan det tenkjast at eg bare har godt av. Kanskje eg skriv eit innlegg om bare dette ein dag, eg gjer meg mange tankar, men i praksis er det vanskeleg.

Ein av tiggarane var meir fargerik enn dei fleste. Han var iført ei stor elefantlue med lang snabel, spelte klovn, dansa rundt meg, gav high five og kyste meg på handa. Blikka eg fekk frå nokre av dei rundt meg medan eg haldt på fekk meg til å knekka i saman av lått. Mannen med elefantlue danse rundt meg og lo han og medan han gjorde kunstar. Eg forklarde han gong på gong at det var fint å snakka med han, men at eg ikkje hadde pengar i lommeboka, og at akkurat nå var det ikkje aktuelt å ta ut nokon heller fordi eg venta på ei venninne. Då Torun dukka opp, vart ho såpass sjarmert at det vart ein femtilapp i pappkoppen hans.

Omtrent samtidig kom det eit turistfylgje forbi oss på kvar sin segway med like hjelmar, oransje jakkar og kvar si selfiestong. Både eg og Torun fekk ei overveldande kjensle av å vera publikum på ei absurdteaterforestilling. Elefantmannen dansa endå heftigare og romkvinner i lange skjørt samla seg rundt oss med pappkoppane sine dei og. TIl slutt lo me alle saman. Av og til kjennest livet mitt som ei lang rekkje revyinnslag, nokre av dei med ein trist undertone på same måte som den den klassiske gråtande klovnen representerer.

Me gjekk inn i stasjonshallen og kjøpte oss niste på togturen før me kom oss inn på toget saman med Astrid som akkurat nådde fram i tide ho og.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: