Gå til innhald

Eit rom for sommar

juni 25, 2016

Eg tenkjer ofte på årstidene, og ikkje minst sommaren, som rom me kan gå inn i.  Samtidig er det slik at eg har lyst til å laga fine rom for sommaren som han kan koma inn i.

Dette er ein sektor av livet der dei aller fleste er mykje flinkare enn oss, men det er i og for seg ikkje så farleg. Barndomssomrane mine fann til stor grad plass i vakre hagar. Hos besteforeldra mine på Bryne var sommarromet i stor grad hagen. Det var på ein måte tre hagar utanfor huset der: Tjelva med flagstonga øverst der eg hadde dissa mi i eit høgt tre. Rundt den hagen blomstra det alperoser.

I bærhagen var det masse bærbuskar, raude og kvite rips, solbær og raude, gule og grøne stikkelsbær. I tillegg var det syriner der og eit rundt brønnlok over brønnen. Om sommaren stod det ein kvitmalt benk der. Ut mot gardsromet var det ein rosespireahekk og i gardsromet stod det og ein benk og eit bord.

I hagen framfor huset trur eg det var roser. I tillegg var det eit rundt trebord med hol på midten der me kunne setja ein stor, stripete parasoll om det skulle vera bruk for det. Sommaren dei første barndomsåra lukta kvitmaling, kaffi, solbær og nivea.

I hagen til farmor og farfar i Vats vaks det bringebær, store tre og gammaldagse blomar, men mest av alt var det gras, høy og potetgras. Somrane i Vats lukta fjos og høy og nybakt brød.

I barndomsheimen på Ålgård var det først bare mark og steinar, men fort vaks det fram ein fin hage med steinbed og buskar, med stauder og bærhage og litt grønsakar, og etterkvart eit drivhus med tomatar og agurk.

Som alle kan sjå, så var sommaren for meg eit blømande fenomen. Fine hagar var noko som bare var der av seg sjølv. Så snart eg tråkka ut i vaksenlivet så slo det meg at det kanskje ikkje var heilt slik det var. Hagen vår er minimal, men han lagar seg ikkje sjølv. I si tid gjorde han nesten det, fordi min hageentusiastiske onkel kom syklande med hagereiskap i sidetaskene for å hjelpa oss. Han er ikkje her lenger. Mine forsøk på ein hage der alt bare veks naturleg fram og blir fint av seg sjølv, har ikkje vore heilt vellukka.

Dei siste åra har eg entusiastisk reist av stad til dei fine gartneria i nærleiken og kome heim med stauder som eg har prøvd å fylla vårt einaste fungerande blomsterbed med. Få av dei overlever sommaren, og dei blomstervekstene som veks som ugras er kanskje nettopp ugras…

I dag har eg gjort eit nytt forsøk på å få til eit fint bed, eg har luka vekk mesteparten av tre typar gule blomar som trivst utmerka der, men som får heile greia til å gro heilt igjen og sjå veldig uryddig ut.

Dei siste åra har eg og satsa på å fylla krukker på verandaen. Det lukkast eg betre med, men på sett og vis blir eg alltid for sein til å få tømt krukkene og sett dei tørt før frosten kjem, så eit visst svinn blir det… Uansett så er potter på verandaen overkomeleg og koseleg, i alle fall heilt til me reiser på lange feriar…

Bileta over viser deler av verandaprosjektet. I tillegg har eg sådd solsikker i eit minidrivhus, og nå har dei vakse seg nesten heilt til taket. Eg lurer på om eg finn ein plass å setja dei der dei ikkje bles overende? Kanskje inntil veggen bak rosene.

Som ein kan lesa mellom linjene, så har eg brukt store deler av dagen til å leika hus- og hageeigar, og er i grunnen nokså fornøgd med meg sjølv. Då eg sette meg ned for å ta kaffipause var det nesten som eg venta at barndomens laurdagsradioprogram «Trafikk og musikk» med Oddvar Folkestad og Torleif Karlsen skulle strøyma ut frå dab-radioen.

 

Sommarromet kan ein heldigvis fimma andre stadar enn i eigen hage. I går åt eg frokost hos Dagny. Ho er ein meistar med sommar. Me fekk heimelaga rabarbradrikke og borda var pynta så fint med blomar frå hagen. Det var kjempekoseleg å sitja inne og sjå ut på den fine hagen hennar medan regnet hølja ned som frå opne kranar.  Etterpå var eg på kafe med Ingrid og sykla ute i regnet med lang svart regnkåpe, det var så varmt at det og gav sommarkjensle.

I Sandtangen var alt så utruleg grønt, og eg ville fotografera, men batteriet på mobilen gjekk tomt. Det lukta gras og tre og blomar og då eg sykla over Midgardsormen lukta det godt av trevirke. Eg anbefalar sykkelturar i Sandtangen i regn.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: