Sommar med kvilepuls
Nå har skuleferien vart ei veke, og eg har nesten blitt vant med det… Nå er pulsen innstild på rolege dagar, og det er deilig. Eg har masse eg har lyst til å gjera, så det gjeld å ikkje lena seg alt for langt bakover… Dei siste dagane har eg forresten fått send fire biletbokmanus i veg til to forskjellige forlag, og det er eg fornøgd med at eg har gjort. Terskelen til å få gitt ut biletbøker er veldig høg, så eg har ikkje alt for høge forventingar om at dei går gfjennom i første omgang… Det er kostbare saker å satsa på for forlaga, for det skal jo teiknast mange arbeidskrevjande teikningar til, og det ska trykkjast mange kostbare fargetrykk på kostbart papir. Eg veit at det er ein smal og ganske vanskeleg sjanger akkurat som dikt, men eg har så veldig lyst til å få det til, og då får ein bare stå på for kanskje til slutt å oppnå det ein har lyst til. Å senda slike manus kjennest nesten som å kjøpa lodd…
I går sette me oss i bilen og kjørde sørover mot Søgne der me har gode venner. Med el-bil er det alltid litt spennande og ladestasjonane er i orden, og om det er ladekø når me kjem dit. Me kom oss veldig greitt fram, og me hadde ein koseleg kveld i lag med Hilde og Jan. Me har vore gode venner sidan før me gifta oss, me har fått barn omtrent samtidig og sett dei veksa opp. Det er fint å ha fylgje gjennom livet og møtast med jamne mellomrom og dela kva tida og livet har gjort med oss sidan sist. I dag morges åt me frokost saman med Jan, og så var det på tide å kjøra heim att. Me kjørde gjennom regnet, og då me lada bilen for andreå gong på turen, på Helleland, var det akkurat opphald slik at me kunne sitja ute og dela ein rekebaguett og ein kopp kaffi medan bilen fekk straum. Eg kjenner at nå vil eg suga til meg det eg kan av norsk sommar, for snart reiser me og blir borte så å seia heile juli månad. Eg trur eg har nevnt det før, men den norske sommaren er nesten finast av alle somrar… I alle fall i mine auge, eg som er vaksen opp med nordavind og regn har kanskje utvikla ein litt sær toleranse for å leva med denslags utan å la meg vippa av pinnen…
I morgon reiser Halvard tilbake etter ei lita vekes sommarferie heime, og litt spontant fann han og eg ut at med kaldt regn ute, kunne det passa fint å invitera syskena hans heim på komlemiddag. Det vart hurtigvarianten på ferdig komlemjøl, for å vera ærleg så hugsar eg ikkje sist eg starta frå botnen av med å riva potetene sjølv. Det vart godt i alle fall, og det er koseleg å vera mange rundt middagsbordet og ha god tid. Medan eg kokte komler og steikte bacon høyrde eg Karoline Krüger som sommargjest i radioen. Ho snakka mellom anna om visetekster og at ein god visetekst kunne minna om ei novelle. Ho trekte spesielt fram Kari Bremnes sin evne til å skriva visetekster, og det er eg heilt einig i. Eg får veldig lyst til å skriva visetekstar og. Eg har og veldig sans for måten Monica Zetterlund gjer det med å fortelja heilt kvardagslege ting i ei vise. På den måten blir dei små tinga løfta opp til noko fint og poetisk. Akkurat nå tikka det faktisk inn ei melding frå ein musikar som lurde på om eg hadde ein tekst som hadde lyst på melodi… Eg lova han at nå skulle eg sjå etter, og det skal eg gjera…
Eg må innrømma at fotografia eg byr på i dag er Leif sine, og at dei er tekne på slutten av juni i fjor… Bare i tilfelle nokon lurde på kor me hadde funne så lys himmel i dag.
Heidi
From → Barna mine, Gode venner., Natur, sommar, veret, Viser