Gå til innhald

Alle på plass

juli 4, 2016

image

I natt kom mor og far over Skagerak men nattbåten frå Stavanger, så i dag morges kunne me dekka frokostbord til åtte. Me hadde booka dei inn på eit pensjonat i nærleiken slik at det skulle bli lett for dei å trekkja seg litt tilbake når storfamilielivet måtte bli i overkant intenst.

Etter frokosten reiste me i lag med dei for at dei skulle få installert seg på pensjonatet. Dessverre var det ikkje heilt som på facebooksida deira i det verkelege livet. Det var tydeleg at det hadde vore veldig fint der ein gong, men nå såg det ganske forfallent ut…

Utemøblene var heilt nedslitne og umalte, hagen var overgrodd, og i graset låg det mange små jordhaugar som viste at her var det store mengder jordrotter eller vånd. Inne var det og tydeleg at staden hadde sett langt betre dagar. Eg fekk ganske dårleg samvit for at me ikkje kunna finna noko betre til dei… Heldigvis såg dei humoristisk på det og kan melda at det er ekstremt fredeleg der og at sengene er gode.

I dag var eg plutseleg i dotterkategorien og ei av dei som vart spandert på av mi eiga mor… Me havna på same fortausrestauranten som i går, og i dag testa eg ut rekesmørbrødet deira. Det var delikat anretta og smakte fortreffeleg.

image

Dette vesle vesenet måtte bli att heime, men etterpå fekk han bli med på tur. Han nyt å ha  mange rundt seg, og gløymer nesten ar han er ein hund. Han set seg i denne stillingen i sofaen inntil konverserande menneske og reagerer med kropp og følelser om ord som mat, frokost, middag eller trena skulle dukka opp.

«Tur» er ikkje alltid eit ord som får Oscar til å gå i ekstase, det kan ikkje samanliknast  med matrelaterte ord, men i dag fekk han seg ein ganske lang tur og, her i frå og ned på stranda.

Eg må innrømma at  når folk kjøper hytte på fjellet eller hus i Spania, så kjenner eg på ingen måte dragninga, men her i det overgrodde og forblåste Vestjylland, kjenner eg meg heime på ein uforklarleg måte.

Var det opp til meg så skulle  eg gjerne vera her heile sommaren. Det ville vera ein fantastisk stad å skriva på, ei  fantastisk stad til å gå og sykla lange turar og til å fotografera fuglar og blomar. Her ville ein ha ro til å lesa lange bøker og studera solnedgangar, og eit par dagar innimellom måtte vel sommarvarmen blenkja med sitt nærver og…

Her er uendeleg mange hus til sals, men eg trur det er litt innvikla å kjøpa viss ein ikkje er dansk. I tillegg ville det vers upraktisk å ha ei hytte så langt borte, og plutseleg var det masse vedlikehaldsarbeid ein var ansvarleg for.

Her nede har dei denne merkelege vanen med å kjøra bil på stranda, relativt forkasteleg etter norsk tankegang, men ein av dei rare tinga danskane synest det er naturleg at ein skal få lov til.

I dag har eg kjørt nordover til Løkken med Oddvar og Odd Christian, og nordover til ein annan småby med Leif. Stranda er utruleg brei og sanden er tettpakka. Eg møtte fleire som sykla på stranda, like i havgapet. Det såg i grunnen koseleg ut…

I kveldslyset såg eg silhouettane av ein flokk menneske koma mot oss. Det var noko merkeleg med dei, dei var så høge. Eg lurte på om det var kveldslyset som skapte synsbedraget, ein slags optisk illusjon. Det minde meg om teikningane av den omvende kjempen i boka om Jim Knapp og Lukas Lokomotivførar.

Då dei kom nærare viste det seg å vera ein flokk ryttarar. Nokre av dei rei heilt ut i vatnet slik at hestane gjekk og vassa. Sjølv om eg for å vera ærleg må innrømma at eg er litt redd for hestar fordi dei er så store, så såg det veldig fint ut å ri slik i skumringa.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: