Gå til innhald

Dersom reint hypotetisk…

august 9, 2016

image

Her kjem innlegg to i serien om handtering av praktiske situasjonar som eg begynte på i juni…

Sett at du er på ferie i eit land der du ikkje skjønar språket og ikkje ein gong kan lesa det. Du er oppteken av at du vil ha ein sunn rett som er trygg å eta i utlandet. Du får oversatt menyen til litt vaklande engelsk, og tenkjer at steikt aure høyrdest jo både godt og sunt ut.

Sett at serveringsjenta kjem tilbake og seier på gebrokkent engelsk «It will be more expensive, the fish is old… You want it?»  Det at det blir dyrare betyr ingenting, for det er i utgangspunktet billig, men gammal fisk… Sett at du bestemmer deg for at det sikkert er ok og nikkar smilande.

Sett at det du får servert ikkje liknar det du trudde du ville få. Fisken på tallerkenen er heilsteikt, og sesamfrøa som skulle vera på fristar veldig lite når dei ligg på det som ser ut som veldig usteikt fiskeskinn… Fisken ser på deg med eit blast blikk, og ligg der på ei seng av grønsakbitar…

Sett at din medreisande knekker koden og seier: «Dei meinte nok stor fisk, ikkje gammal fisk, og fordi han er heilsteikt blir det meir fisk og derfor dyrare…» Du synest det høyrest logisk ut, opnar fisken og fortel deg sjølv at dette er sikkert godt. Du legg merke til at beina ikkje løsnar frå fiskekjøtet, og derfor ikkje er skikkeleg steikt eller kokt ut i frå det du lærte av læraren i heimkunnskap, la oss for eksempel seia at denne læraren heitte Maren Svare og hadde god greie på slikt…

Sett at du er frykteleg konfliktsky og at det å klaga på maten til ei veldig søt ung serveringsjente som nesten ikkje snakkar engelsk er nesten uttenkjeleg… Sett at du modig tek den første biten og i beste fall synest det smakar veldig rart, i alle fall ikkje slik du er van med at steikt aure skal smaka… Den litt tjæreaktige smaken kan kanskje skuldast ei form for grilling.

Sett at du prøver å fortelja deg sjølv at du er ei stor pyse og at det bare er fint at mat smakar litt annleis enn heime. Sett at du blir frykteleg opphengd i tanken om at neste dag skal du reisa langt med eit austeuropeisk tog som godt mogleg ikkje har toalett ein gong, og at ei matforgiftning ville passa veldig dårleg.

Sett at det sit to magre kattar like ved bordet ditt fordi du for eksempel er på ein uterestaurant. Sett at du seier til den medreisande at du skulle ynskja du kunne gje fisken til dei svoltne kattane. Du kan og tenkja deg at den eine katten har eit sår på halsen.

Då den medreisande, som for eksempel er mannen din, seier at det kan du gjerne gjera, svarar du kanskje på grunn av din gode oppdragelse at dei som eig plassen ville hata at nokon matar gatekattane. Sett at din medreisande, kanskje fordi han er i ertehumør, kanskje på grunn av sin store kjærleik til kattar, plutseleg har skore hovudet av fisken din og kasta det litt bortover gata til kattane si store glede…

Sett at du nå sit og pirkar i ein hovudlaus fisk. Du tenkjer at det ser nå endå verre ut nå å klaga. Ein gjest har ete fiskehovudet sitt og ingenting anna og klagar på maten etterpå…

Sett at du et ein heil del av fisken, og så får vippa resten over på tallerkenen til han som skar av hovudet, og at fiskekroppen så blir dekka av ein serviett før gjestene ber om å få rekninga…

Sett at dei to gjestene er ekstra rause med driksen både fordi fiskemiddagen var veldig billig og fordi minst ein av gjestene føler seg kresen, bortskjemt og lite verdsvan…

Og kor var rådet? Det er det som blir utfordringa her… Kva ville du som ansvarleg turist og positiv restaurantgjest gjort annleis? Det er greitt å tenkja gjennom slike hypotetiske case i tilfelle enten den som skriv eller den som les skulle koma til å oppleva noko som liknar? Eller?

Heidi

 

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: