Gå til innhald

Tilbake på jobb

august 13, 2016


I alle fall nesten, for elevane manglar framleis og dei er jo ganske vesentlege når ein jobbar som lærar. Nokon har forstått at det er viktig med ein mjuk start for å motivera sommersjeler til innsats og intense kvardagar. I år var det Hilde Selvikvåg, som har kunstnarpermisjon frå oss i år som gav oss ein minikonsert til varm kaffi før noko som helst anna vart krevd av oss.

Eg veit at Hilde er kjempeflink, men det var ein ting eg ikkje visste, – at ho i tillegg til alt anna spelar trekkspel. Trekkspel og litt rampete songar kledde henne veldig godt, synest eg. Det vil eg gjerne høyra meir av. Eg har spurt om lov til å bruka bilete frå konserten på bloggen og har fått grønt lys.

Etterpå sa Helen til meg «… og viss du skriv om dette på bloggen din, så helsar du frå meg og seier at det var heilt fantastisk…» Så klart eg gjer det, Helen!

Litt av motviljen med å sleppa taket i ferien forsvinn umiddelbart når ein kjem inn på personalromet og ser alle dei fine folka som er samla der. Eg oppdagar at eg har sakna å vera i lag med dei, og plutseleg så er livet på plass i eit anna spor og eg hugsar nesten ikkje at eg har hatt sommarferie…

Skjær i sjøen er det alltid, bygningsarbeidarar på arbeidsromet og ein gravemaskin på parkeringsplassen og timeplanar som på grunn av slikt som ingen kunne vita, likevel ikkje er i orden. Men det ordnar seg. Nå er me i gang med å skapa ein ny verden i nye rom. Det skal tilretteleggjast for eit lite samfunn av barn med fungerande samfunnsordningar. Det skal alltid eit krafttak til for å få det opp og i gang, heldigvis har me gjort det før, så me har god tru på at det ordnar seg i år og, men du all verda kor mange tannhjul som skal gripa inn i kvarandre på rett måte for at flest mulig behov skal bli løyste på ein god måte.

Det er i grunnen genialt å begynna på ein fredag, for då begynner ein på jobb att, med noko som liknar ei mental kraftanstrenging, og så, sju og ein halv time seinare får me helg…

I dag vart eg invitert til ein koseleg lunsj og fekk møta nokon eg hadde veldig lyst til å møta. Den eine personen var to veker gammal, og det å halda eit så nyfødd menneske i armane sine er noko av det absolutt beste eg veit i heile verda.

På måndag skal eg halda eit minikurs i skapande skriving for kollegene mine, så nå brukar eg litt av tida på å prøva å snekra saman noko som kan vera nyttig å ta med seg vidare, og som i det i beste fall kjennest som ein god ide å bruka litt av den dyrebare oppstartstida på. På onsdag kjem barna, då skal lærarane stå i giv akt, æh nesten i alle fall, og synga skulesongen vår for elevar og foreldre før me tek elevane med oss til klasseroma og rett og slett tek hol på eit nytt skuleår.

Eg håpar at nesten alle elevane våre ser med i alle fall ei viss grad av glede på det å begynna på skulen att. Eg håpar at me klarer å ta i mot alle på ein god måte slik at alle føler seg sett, respektert, likt og tatt vare på. I all ubeskjedenheit tenkjer eg at me har ein av dei finaste og viktigaste jobbane som tenkjast kan, og eg trur dei aller fleste av oss er veldig klare over det og. Det er hektisk, intenst, levande og fantastisk å vera lærar, me skulle gjerne hatt endå fleire auge, øyrer og armar og endå større fang og meir tid.

Eg håpar alle foreldre sender barna sine til oss i tillit til at dei vil få det godt og trygt der, og i tillit til at det som måtte dukka opp av utfordringar skal me ta tak i saman og klara å finna fram til løysingar som ivaretek barnet på ein god måte. Ikkje mange set så fine ord på det å senda eit barn i veg til skulen som Kolbein Falkeid

God tur, skolepike

Med den røde ranselen som en soloppgang på
ryggen
og flettene lik gardiner trukket til siden
for nakken din, den hvite nonnen
jeg alltid har lyst å si omforlatelse til,
går du
til dine første skoledager.
Ansiktet ditt ryker av en forventning
like eksplosivt fruktbar
som en nybrøytet åker i regnskoglandene.

Å såmenn,
vær rene på hendene og barhodede
når dere med såkorg går ut på dette jordet.
Jeg tror ikke kunnskapene dere kaster ut
er spilt korn, men jeg vet:
alt som uten baktanker,
uten skepsis, umaskert
og uvettig vergeløst
går ut til livet med tilliten
som et kostbart gulleple i hendene
er hellig.

Så god tur med deg, skolepike.

KOLBJØRN FALKEID

 

image

 

 

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: