Oslo og Bærum sist i august
Eg visste frå før av at seinsommaren i Oslo-området er fantastisk. Det skuffa ikkje denne langhelga heller. For ein litt forblåst jærbu, var det deilig å vakna til sol og sommarvarme på laurdagen. Morgonkaffi med innlagd strikking på verandaen er midt i blinken for slike damer som eg og Eva Mari. Etterkvart heiv me oss på T-banen og drog ned til Oslo sentrum der eg handla kjolar på Gudrun Sjødén. Me møtte Sunniva og hadde damelunsj på mexikansk restaurant. Slike dagar skulle eg gjerne ha parkert på ein uterestaurant og bare site der og skrive og sett på folk, men Sunniva og Eva Mari, to av mine favorittpersonar på denne jord, er sjølvsagt endå betre… Bare for å ha nevnt det. Dei som designar,plantar og steller beda i Oslo sentrum gjer ein god jobb.
Etter å ha virra rundt i ein by full av menneske med innlagd kaffipause, gjekk me til teateret der me hadde billettar til urpremieren på Bjørn Eidsvåg si forestilling «Etterlyst Jesus». Det vart ei fin oppleving og ei reise gjennom Bjørn Eidsvåg sitt liv og dei ulike Jesus-versjonane han hadde møtt og forhalde seg til. Sjølv om han er kritisk til mykje i den tradisjonelle vestlandske kristendomsforståinga, så formidlar han med varme og humor, og etter mi oppfatning utan å ty til arrogant distanse. Svein Tindberg gjer og ein veldig fin jobb som medskodespelar.
Stykket munnar ut i ein nesten andektig slutt der Bjørn Eidsvåg vel slår fast at Jesus framleis fascinerer, engasjerer og ber med seg eit håp for verda, men at nestekjærleiken må trumfa alt.
Me fire som såg stykket i lag har alle litt ulike utgangspunkt både med tanke på alder og grad av kyrkjeleg engasjement, men me vart alle engasjerte og berørte på kvar vår måte av det me såg. Sidan det var urpremiere vart me inviterte til å stansa igjen etter forestillinga, og den sjansen greip me.
Så var det blitt kveld, og ungdomen tusla vidare medan me to vaksne damene sette oss på ein benk for å eta thailandske vårrullar frå seven-eleven og kikka litt på sommarkvelden i Oslo før me takka for oss.
Dagen etter drog eg og Leif til Oslo for å eta sundagsfrokost på Laundromat saman med Halvard og Sunniva og to andre utvalde. Det var veldig koseleg. Eg trur det ein gong har vore vaskeri i lokalet, derav namnet. Der serverte dei omelettar, amerikanske pannekaker, stor frokost med pølser, egg og bacon og mykje anna. Lokalet var innreda med bokhyller og gamle møblar og serveringspersonalet var engelsktalande. Det var kjempekoseleg. Kanskje sundagsfrokost på kafé blir det nye? Etterpå vart det tid til å bli med innom og klemma Sunniva sine sambuarar før ho vart med oss til syttiårsdag i Bærum.
Sidan me nådde ein tidlegare T-bane enn me hadde tenkt, fekk Leif lyst til å ta oss med ein omveg langs Lysakerelva for å gjenoppleva stiane frå barndomen. Her er far og dotter på tokt.
Sundagskakefestar er heller ikkje å forakta… Det passa godt at me var i området og fekk vera med og feira svigerinne Elisabeth som hadde stor dag. Den svenske «prinsesstårtan»i lysegrønt fekk fylgje av grøm pærebrus frå Oskar Syltes bryggeri.
Om kvelden var eg på besøk hos Tove og åt middag saman med henne og Linda frå Tanzania som eg besøkte sommaren 2004 på Mehayo, senteret Linda driv for psykisk utviklingshemma barn og ungdom. Ho og dottera Doris var inviterte til å vera saman med Tove seks veker i sommar. Linda er ei bemerkelsesverdig afrikansk dame med sånn omtrent den største hjartevarmen eg har truffe på i heile mitt liv. I tillegg har hu ei ukueleg tru på at livet er i Guds hender og at det meste går bra…
Ho kunne fortelja at maishausten i Tanzania hadde slått feil for andre året på rad. Likevel var ho optimistisk og håpa at dei skulle ha mat nok i vinter og. Det er ei verd som er framand for oss velfødde nordmenn. Turen til Tanzania som er beskriven på bloggen min i 2004, er noko av det mest spesielle eg har vore med på i heile mitt liv. Det var sterkt å møta Linda att og få klemma henne og snakka med henne. Dottera, Doris snakka lite engelsk, så det heilt minimale ordforrådet mitt på swahili vart reaktivert. (Her snakkar me kanskje om tjue ord, meir skal eg ikkje skryta på meg.)
Eg hadde tenkt å fortelja litt om måndagen og, men dette blir så langt at det kanskje får bli i eit nytt innlegg…
Heidi
From → Barna mine, Gode venner., haust, Linda i Tanzania, Mat, Reiser, sommar, Teater og film.
En fin dag 🙂
Bjørn Eidsvåg!
Da tenker jeg på den fineste sangen jeg vet om: Eg ser.