Skip to content

Sett at…

august 31, 2016

image

Sett at du reint hypotetisk er ein person som er litt trøytt om morgonen, og at du ofte får litt dårleg tid, sjølv om vekkjerklokka ringer tidleg nok til at du i teorien burde ha meir enn nok tid til å pynta deg. Sett at du på veg ut med lite tid att før klokka ringer kastar eit raskt blikk på ditt eige spegelbilete og ser at noko ikkje stemmer. Sett at toppen er veldig utringa, spesielt over skuldrene og at du har tatt ein jakke oppå som er endå vidare i halsen på den måten at alt havnar på utsida av skuldrene og at to par gråvaska stroppar blir synlege på ein ikkje veldig pynta måte…

Sett at du full av gode idear som du er, slenger eit skjerf om halsen og hiv deg på sykkelen… Det skulle vel gjera nytta…

Sett at ein av elevane frå ein annan klasse ropar etter deg i trappa- «Du mistar skjerfet ditt», og at alle forsøk på danderingar er mislykka. (Jmfr Kari Bremnes: Fiola har eit sjal ho aldri har klart å dandere…)

Sett at du etter siste time får ein lysande god idé… Du skal trass alt direkte på kurs i relasjonsbygging og vil gjerne sjå litt ryddig ut… Sett at du på arbeidsbordet ditt har ei svart trådsnelle og ei nål for påkomande tekstile uhell. Ved å sy jakken fast i halsutringinga på toppen med små usynlege nest, er plutseleg akslene dekka på ein heilt adekvat måte…

Sett at du går med rett rygg ned til kurset, og at det neste du opplever er at ein velmeinande kollega kviskrar: «Eg trur du har jakken på vranga…»

Det er då det gjeld å vera førebudd på det meste. Sett at det går opp for deg at du faktisk har ei sikkerheitsnål på innsida av jakken, og veldig diskret, med bittesmå rykka kan ta opp stinga du nesten sydde og liksom tilfeldig ta av deg jakken for å like tilfeldig ta han på deg att rett veg… Då har du i det minste vist kompetanse i å leva med deg sjølv… Kanskje den kontante pertentlegheita kjem av seg sjølv etter kvart…

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: