Ta vare på jorda
Ta vare på jorda, ta vare på menneska, våga å bruka auga til å sjå med og våga å tru at me har eit håp å bera ut i ei verd som ofte kan sjå ut til å vera på nippet til å gå av hengslene…
Eg har site her og skrive den femte teksten til jærbladet, og denne gongen handla han om å ta vare på jorda. Det er innvikla, det er utfordrande, det er forvirrande, det er skremmande og det er utruleg viktig. Eg stangar mot grensa på tohundre og femti ord, og eg håpar dei godtek at eg er litt over grensa. Etter å ha skrive det eg sjølv syntest var kort, måtte eg kutta halvparten av orda… Eg kunne jo brukt heile innlegget her på bloggen, men det går ikkje. Det eg skriv for Jærbladet kan eg ikkje bruka her før det har vore på trykk.
I fjor sommar var miljøvern ei av hovudsakene på Korsveifestivalen. Der vart det sagt av ein av dei som bidrog med seminar og bibeltimar: «Dersom dei kristne verkeleg trur at verda er i Guds hender og at det gode er sterkare enn det vonde og kjærleiken sterkare enn døden, så burde dei som trur vera dei første som vågar å sjå og dei første som vågar å handla. Dei burde gleda seg over å ha håp, tru og kjærleik å tilby ei verd i krise.»
Eg kjenner sjølv på forvirringa og apatien som ligg i det å kjenna seg liten og ikkje heilt vita korleis ein skal orientera seg, snu seg, handla og agera. «Kva skal eg gjørr eg e så liden?» som det heiter i songen.
Det er så mykje fint på jorda. Me har så mykje å tapa. Og me har ikkje lov til å gi oss over til apatien sjølv om det er forvirrande å skjøna kva me skal tenkja, tru og gjera.
Eg høyrer ofte folk seia at det er så mykje vanskeleg i verda at ein kan få lyst til å gøyma seg ein plass ein kan vera redd i fred. Ja, eg innrømmer at eg aldri har høyrd nokon bruka akkurat dei orda då, men det er omtrent det dei seier. Då tenkjer eg at det er det einaste me ikkje har lov til å gjera.
Verda består av små menneske. Faktisk er ingen av oss verken meir eller mindre enn eit menneske. Dei aller fleste menneske vil leva eit godt og fredeleg liv. Dei aller fleste menneske vil det gode og fryktar det som er vondt og destruktivt. Sjølv om utfordringane er enorme, så tenkjer eg at det er håp om alt godt om ein lar gode krefter vera i høgsetet og satsar på dialog og samarbeid. Sjølv har eg klokkartru på fredelege løysingar. Det kan høyrast naivt ut, men det å styra verda med våpen, misstru, og fiendebilete trur eg ikkje på som eit alternativ.
Dette vågar eg nesten ikkje skriva ein gong, for eg ser sjølv at det ser naivt ut på grensen til det tåpelege. Likevel er det det eg djupast sett trur på. – Sjølv om det inneber at me som er fødde inn i den priviligerte overklassen i verdssamfunnet kanskje må læra å tenkja på nye måtar. You may say I am a dreamer…
Me har mykje å ta vare på, mykje å tapa og mykje å vinna. Me blir utfordra på verdiane våre på trua vår og på evna vår til å sjå, handla og dela. Eg tenkjer likevel at det er ein stor tragedie dersom alle me små menneske på jorda, som bare vil ha eit godt og fredeleg liv i fredeleg sameksistens med andre, blir lurde til å tru at me har tapt.
Dette vart store tankar på ein septemberonsdag. Nå må eg lesa gjennom tekstane eg har tenkt på å lesa på Time stasjon i kveld… Eg har sikkert funne alt for mange…
Heidi