Det går seint å snu verda
Her er innlegget eg skreiv om for eit par dagar sidan. Eigentleg var det tenkt å vera det siste i ein serie på fem innlegg, men av ein eller annan grunn enda dette opp som innlegg nummer fire, og det fjerde om å prestera sitt liv kjem neste fredag. Dette var det vanskelegaste innlegget å skriva, det var spesielt vanskeleg å bare bruka 250 ord. Sjølv om eg filte og filte på teksten, så ende eg opp med litt for mange ord. Det har ført til at dei har slått saman to og to linjer i diktet på slutten, slik at det er blitt nokre orddelingsfeil…
Ein av grunnane til at dette var ganske vanskeleg, er at det er eit tema som har oppteke meg mykje dei siste åra. Det er ikkje til å begripa at me ikkje snakkar meir om dette med miljøvern, og ikkje minst at me ikkje gjer meir enn me gjer. Eg opplever og at det me faktisk gjer, gjer me nesten i smug, kanskje fordi me veit at me er små og at me kjem sørgjeleg til kort. Kanskje er me og prega av janteloven. Er me redde for at det skal sjå ut som om me trur me gjer så mykje, og redde fordi tiltaka våre brått og brutalt kan falla til bakken med eit mageplask?
Eg trur ikkje at me forandrer verda i vesentleg grad fordi me i vår heim søppelsorterer og tek sykkelen til jobb. Eg trur me må jobba med denne store og kompliserte saka både på politisk nivå, kyrkjeleg niv, både idealistisk og på kvardagsleg nivå. Eg trur og at me må snakka om desse utfordringane, slå oss saman for å hjelpa kvarandre og oppmuntra kvarandre, og ikkje minst vera villige til å leggja om stadig meir både på livsstilen og vera villige til å dela godene på ein heilt annan måte enn me har gjort til nå. Kanskje me til og med må revurdera kva som er verkeleg viktig i verda og revurdera kva me meiner me har sjølvklar rett til av materielle goder… Det som er litt skummelt er at me har dårleg tid, og at mennesket er ein art som går i flokk. Store flokkar er vanskelege å snu.
Eigentleg skulle eg ynskja at eg ikkje trudde på miljøkrise, global oppvarming og eit lite berekraftig forbruk av jorda. Problemet mitt er at eg ikkje klarer å la vera å tru at me må gjera noko, og at me må gjera det nå.
Heldigvis har eg evna til å tru på menneska og på kva mange små individ saman kan få til. Sist laurdag såg eg på Lindmoe, der Live Nelvik og Anne B Ragde diskuterte dette temaet.
Bare det at det er eit tema i eit av dei mest sette fjernsynsprogramma på laurdagskvelden, gjer meg eit håp om oppvakning.
Sidan eg har ubeegrensa plass her på min eigen blogg, og i alt forliten grad praktiserer minimalisme og ordteljing i dette forumet, så kostar eg på meg å avslutta med heile det diktet som vart forkorta av meg og samanklemd av dei som redigerte Jærbladet.
Diktet er henta frå «Århundredets kjærlighetssaga» av Märta Tikkanen, ei bok eg las med store auge tidleg på åttitalet. At boka handlar om noko heilt anna, ser me stort på. Akkurat dette diktet handlar om kjærleik og solidaritet, dyder eg håpar skal ramma oss alle i så sterk grad at me blir bittelitt forandra….
För mej
kan kärleken aldrig vara
två som kryper ihop
i ett hörn
medan livet brusar förbi
För mej
måste kärleken alltid vara
många som kämpar i bredd
– också du, också jag –
mitt uppe
mitt ute i livet
Heidi