Min elskede jeg har en vise å synge
Min elskede, jeg har en vise å synge
når bladene faller og fuglene drar
Eg klarer ikkje å la vera å sitera Einar Skjæråsen si septembervise her på bloggen mi. Det er ikkje mange som klarer å skildra naturen på ein så var, vakker og vemodig måte som han. Sjølv om hans landskap låg eit godt stykke unna Bryne så, fungerer det her og. Etter høljeregnet i går så vart det ein fin dag i dag, nesten med sommartemperaturar, men fargane i landskapet fortel ei historie om at det er ei anna årstid som har kome til oss.
Det sukker i skog etter sang som forstummet,
det mørkner i muld etter grøde som var.
En blekere årstid skal røre vår tinning,
med hastige vinger og drivende løv.
September skal gå over jorden og kalle
dens ånde til stillhet, dens hjerte til støv.
Ingrid og eg gjekk ein sundagstur på veier på Tu som høyrer barndomen min til. På Tu skule gjekk eg på sumdagsskule i regi av Zion på Bryne. Sjølv om det er bygd både ein og to skular sidan då, så dukka det opp gamle minne frå femti år tilbake. Det er skulen eg skulle ha gått på om me ikkje hadde flytta til Ålgård året før.
Etter turen vart me sitjande litt i hagen. Det var vatn i bassenget onkelen min bygde, men ikkje torde å ha vatn i i frykt for at nokon skulle falla uti, og soluret han fekk sett opp i hagen viste for første gong rett tid. Det er ein av barndomens hagar, og eg er glad for at nå er det Ingrid og Oddvar som bur der. Dei som budde i desse husa og hagane av besteforeldre og onklar er her ikkje lenger.
En sommer er borte og ringeren ringer.
Og vinteren venter bak visningens port.
Vi også skal møte vår høst og forarmes,
vår styrke skal trenges tilbake og bort.
Dette er barndomstrappa opp til bestemor og morfar. Då me budde i det huset Ingrid og Oddvar bur i nå, gjekk eg opp denne trappa kvar morgon og inn på kjøkkenet til bestemor.Det vart mange turar opp og ned kvar einaste dag. Det same gjorde det då eg i heile oppveksten var på ferie her i veker om gongen. Trappa står der framleis, men etterkvart er ho ganske nedslitt og nesten overgrodd.
Og sneen skal falle så stille, så stille,
og stemmene dempes i far og i foss,
og en gang en vårdag skal knoppene springe
og heggen skal blomstre, men ikke for oss.
Før trudde eg i mykje større grad at det som er borte er borte. Det er forbausande korleis me tek dei me ein gong har vore glade i med oss vidare og at dei blir ein del av livet vårt sjølv når dei ikkje er her lenger.
Det er meir enn tjue år sidan bestemor døydde, men eg trur ikkje det har gått ein einaste dag sidan då utan at eg i tankane har snakka med henne eller vore innom kjøkkenet og stova hennar. Framleis kan eg ta meg i at når eg treng litt trøyst dyppar eg kavring i kaffi og et slik eg gjorde då eg var barn på bestemor sitt kjøkken. Det vil seia, då hadde eg ikkje kaffien i kopp. Han vart slått over ein kavring i ei dessertskål til kavringen var oppbløytt og så var det ein klatt kald margarin på toppen som smelta. Sjølv om barn ikkje fekk drikka kaffi, så var det lov å få han på denne måten. Bestemor hadde fått trekt ut alle tennene, kanskje då ho var omtrent like gammal som eg er nå. Gebiss fekk ho aldri, så for henne var det praktisk å dyppa harde ting i kaffi.
Vi er hos hverandre mens dagene vendes
mot fjernere himmel og lavere ild
og alt som har feste og hjem under solen
er med i det store mysteriespill.
For meg har alle fire besteforeldra mine vore utruleg viktige, og mine barn har og vore svært glade i sine besteforeldre. Eg tenkjer at dersom eg ein gong skulle vera så heldig å få barnebarn, så vil eg tenkja på det som ein utruleg viktig funksjon i eit livsløp. Eg har ein jobb der det alltid er mange barn å vera glad i, så dette er ikkje noko eg brukar tid på å venta på eller fantasera om… Nåtida er nå…
Kanskje dette innlegget er inspireret av at eg i går var i lag med syster og bror min, og svoger og svigerinne. Leif og eg inviterte på reker og felles lørdagskveld, og då er det ikkje til å unngå at samtalen av og til sporar av og inn på ein felles barndom for oss sysken. Det kan tenkjast at dei andre kan gå litt leie av barndomshistoriar og referansar til menneske dei ikkje anar kven er, men dei er relativt tålmodige med oss….
Framleis har me kvarandre me som framleis er her. Barna er flytta ut men eg og Leif bur her framleis og katten bur her framleis. Framleis er me på plass og framleis er me nesten unge… Om hausten blir ein minna om at alt er forgjengeleg. Eg plukkar blomar som framleis blømer i hagen og fyllar vasane mine. Eg ber til Gud om at me må bruka dagane våre på gode måtar og ta godt vare på kvarandre.
Jeg favner din favn, og jeg kysser din panne
og har deg med ømmere tanker enn før.
Min elskede, jeg har en vise å synge
mens fuglene flokkes og trekker mot sør.
Einar Skjæråsen
I kveld har eg vore på kino på Sandnes i lag med Inger. Etterpå vart det tid til ein lang prat på kafé. Det var fint. I morgon er det ei ny veke…
Heidi
From → Barndomen min., Bestemor og morfar., Gode venner., haust, Jæren, Uncategorized