Septembersommar
Me tek takknemleg i mot sommaren når han måtte koma til oss. Nokre gonger kjem han i april, andre gonger i september. For første gong i sommar, så vidt eg kan hugsa, vartar naturen opp med tjuefem varmegrader og vindstille. Eg har brukt store deler av skrivedagen min utomhus. Eg held på å førebu noko Garborgrelatert, så katten og eg har brukt litt tid på å lesa Fred og leggja inn merkelappar der eg treng det. Heilt seriøst, så trur eg det er den finaste boka eg veit. Spesielt er eg glad i Sigbjørn Reime sin variant som ligg nærare opp til førsteutgåva og er litt modernisert i språket, og med gode fotnoter og ordforklaringar.
Eg hadde og ein time hos tannlegen. Han sa at han hadde gleda seg til eg skulle koma… I dag gjekk eg ut med «null-hull». Eit ferdigavlagd tannlegebesøk, og eit år til neste gong, gir ein heilt eigenarta gledesrus. Eg vil tru det spesielt gjeld hypokondarane blant oss som alltid tenkjar tankar på førehand om av det i verste fall kan avdekkast tannkjøtkreft, sjukdomar som i løpet av kort tid vil få tennene til å ramla ut av munnen din, tenner som må rotfyllast og hissige skjulte betennelsar i kjeven. Reint objektivt så er det ikkje direkte lystbetont å reinska tannstein heller, men tannlegen min har både humor og ein behageleg stol, så det gjekk i likaste laget.
I kveld har eg og nokre venninner sitte ute i septemberkvelden og malt bilete. Dette er som å bu i eit varmare land. Eg liker det, og har bestemt meg for ikkje å grubla for mykje over klimaendringar og global oppvarming.
Heidi