Eg kjenner deg, Enok Hove…
I går var eg så heldig at eg fekk vera med på eit spennande seminar på Garborgsenteret med tema «Tro til trøst og besvær», der Gunnar Engedal og Jan Inge Sørbø hadde foredrag. Eg las mellom anna denne teksten, som eg hadde laga til denne kvelden. Eg er veldig glad i Garborg si diktning. Spesielt Haugtussa og Fred har eg lese om igjen og om igjen gjennom ulike livsfasar. Eg meiner at mange feilstemplar «Fred» som ei tung og vanskeleg bok. Sjølvsagt er ho det og, sidan hovudtemaet korleis Enok Hove, alter ego til Arne Garborg sin far Eivind Garborg, blir meir og meir sjuk på sinnet og viklar seg inn i religiøse grublerier som gjer at han til slutt gjer ende på seg sjølv. Likevel finst det andre strenger i Fred, naturskildringane er fantastiske, personskildringane er så skarpe at du ser menneska levande for deg, og i tillegg er det mykje humor, både av det skarpe, lune og kolsvarte slaget.
Noko som har slått meg ,som i eit slags gys, er kor mykje eg faktisk kan kjenna meg att i Enok Hove. Eg liker jo å tru at eg er hans rake motsetning, at eg har eit lyst sinn og ei lys kristendomsforståing og at eg i motsetnad til denne mannen er psykisk robust og ikkje så lett let meg vippa av pinnen. Kan eg verkeleg finna så mykje samklang med denne plaga hustyrannen, som ofte blir brukt som sjølve inkarnasjonen av den vestlandske vestlandskristendomen?
Eg trur Arne Garborg har klart noko meistarleg. Han har klart å skildra denne kompliserte mannen med ein varme som gjer at me kjenner på angsten hans, klarer å sjå verda som ho ser ut for han, og klarer å visa oss idealisten og det gode menneske som djupast sett vil alt godt. Det ender bare så forferdeleg gale alt saman. I tillegg kjenner eg på den forunderlege og skremande sanninga at me alle kanskje alle liknar meir på kvarandre enn me likar å tru
I pausen og etter arrangementet så var det fleire som sa til meg at denne teksten ville dei gjerne lesa ein gong til. Eg byr like godt på han her på bloggen. Eg var ikkje ferdig med han før på måndagskvelden, og framleis kan eg nok finna på å gjera endringar. Eg må og skunda meg å fortelja at mange av formuleringane eg har brukt i teksten er Garborg sine formuleringar frå fred. Eg fann ut at dette grepet ville gje ekstra tyngde og djup til vandringa mi med Enok Hove.
EG KJENNER DEG ENOK HOVE
Eg kjenner deg Enok Hove.
Eg kjenner deg betre enn mange trur,
for visst har eg gått bak deg.
Eg har gått i fotspora dine
medan du tungt bana deg ve
gjennom nordvesten sin tunge song
medan det braut i novene og blistra i karmane.
Eg har gått saman med deg
gjennom eit armt grått land
med lyngbrune bakkar
og bleike myrer
oversådde med kampestein
trelaust og bart.
Eg har som deg lengta
etter å få vera heil
heil og oppreist,
har lengta etter å finna skatten og perla,
etter å få forsaka alt som unyttig er
for det som er større.
Eg kjenner deg der du går og trør
i eldgamle klede du har funne på loftet.
Kledd i gamle skinnklede
går du der,
buksene oppkropne og stutte
med store skrukker,
jakka for lita og bøtt og skral,
god nok for ein syndig lekam.
Rund skinnlue med skugge
og svart saueskinnskant.
Det klakkar i treskorne
det knakar i dei gamle skinnbuksene.
Du går der
fridd frå øyenlyst og fåfengd
og tryggare enn før for Satans åtak.
Elsk til verda og sorg for næringa
har vore kjælesyndene din,
nå går du her med tunge steg,
går her klar for å bli løyst.
Du går rakt framover.
det er rått og kaldt.
Lufta er sur og ufyseleg.
Du veit at folk trur du er blitt galen,
men sælt er det
å bli forakta og spotta for Jesu skuld.
Det er det sælaste av alt.
Her suser vinden dag og natt,
og gråveret ligg tungt over viddene.
Vinden fossar om novene
i stigande og fallande sjoing
som sjøen rundt ein skipsbaug,
det dunkar og det brakar.
Eg har som deg vore villig til å ofra,
eg har som deg tenkt tanken,
at å selgja alt det ein har og gje til dei fattige
at å ofra alt måtte vera det største og sælaste
for dei som våga å løysa seg
frå alt som bind oss til makta og rikdomen.
Du har hatt det vondt, Enok Hove.
du som ville ofra alt,
nå skjøner du i vaklande mot
at dusjølv ville styra,
at du ikkje tek deg tid til å venta.
Er det nok å halda døra open
for alle som vil inn
eller er det meininga
at du, du som ville vera stor kar
sjølv skal havna på fantestien?
Du er ikkje lenger heime.
Ikkje heime i ditt eige hus,
ein framand er du blitt,
Ingen fylgjer deg når du går,
ingen ventar på deg når du kjem.
Dei dreg seg vekk frå deg,
dei ser på deg med sinne
med sorg og mistru,
du ser det i glimt,
og skjønar kvifor dei gjer det.
Her vandrar du, Enok Hove,
utstøytt og bortstøytt
og heilt utan fred
som ein Kain vandrar du
aleine over dei gule markene,
merka og mistrudd,
og eg går rett bak deg.
Så kjem kvelden sigande
med mjuke tonar over bakkar og brot.
Frå havryggen glimar sola inn over landet,
ho speglar seg i alle glas.
Det lyser oppetter heiene som av diamantar.
Du høyrer alle bekkjer susa.
Du høyrer ditt eige hjarte slå,
og ser kvite dampar
breia seg over draumesjøar.
Eit einsleg vipeskrik her og der,
eit myrfuglpip langt borte frå vollane
som ein søt linn gråt.
Her er fred uendeleg fred.
Bare i hjartet ditt er det uro.
Du kjenner kor framand du er.
Forvirra tenkjer du
dei formastelege tankane
Dei må ha det betre
dei som ikkje trur,
om bare nokon kunne teke Gud i frå meg.
Framand og jaga
hastar du frå stad til stad,
utan bidlund til å arbeida,
utan ro til å kvila.
Allting er gagnlaust
allting er utan von.
Eg går bak deg
og veit at heilt fram
kan eg ikkje fylgja deg.
Eg kjenner det som ei sår tyngde
i min eigen kropp,
stega mine blir tunge som dine
eg ser eg må la deg gå.
Eg kjenner deg, eg kjenner deg
som ikkje vann…
Det gjer vondt å kjenna
andre sine hjarteslag i sin eigen puls.
Det er vondt å vera den som ser.
Gud hjelpe oss for brotne bein og mannefall.
Du gjekk, Enok Hove,
det er lenge sidan du gjekk,
men framleis høyrer me pusten din
mjukt og tungt over landskapet.
Du gjekk i frå meg-
Eg vert ståande og sjå etter deg
før eg slår krossteiknet om brystet mitt
og går heim,
går heim til mitt eige liv.
Heidi Strand Harboe