Gjennom trengsler mot stjernene
Eg er rett og slett veldig lite glad i å fly. Likevel hender det at eg gjer det for å koma dit eg gjerne vil. I dag skulle eg og Hilde fly til Madrid for å møta Leif og Arne som har vore her eit par dagar i samband med eit prosjekt på jobben. Dessutan skal me møta Sunniva som er her på språkskule akkurat nå.
På førehand gruer eg alltid til flyturar på same måten som dei fleste av oss gruer seg til å gå til tannlegen og få rotfylt tenner eller til å bli lagt inn på sjukehus for å ta ein operasjon. Eg er sjeldan så bevisst min eigen dødelegheit som når eg er i fly, og føler vel at eg utset meg for akutt livsfare sjølv om eg reint fornuftsmessig veit at mange ting er farlegare enn å fly.
Hilde er trygt og godt reisefylgje, og eg utfordra eigne grenser med å ikkje byta bort vindaugsplassen slik eg alltid elles gjer. Utflyginga over Jæren er utruleg vakker i fint ver.
Etter ein liten flypause i Amsterdam starta me på den lengste etappen til Madrid. Det var fint å sjå ned på byar og fjellparti og til slutt innover det brunsvidde spanske landskapet.
I Spania var det fløyelsmjuk spansk seinsommarkveld med 17 grader klokka elleve om kvelden. Me har ete på ein ortausrestaurant og vandra i gater fulle av folk sidan det er laurdagskveld. Det er godt å vera på landjorda att, og eg gleder meg til tre heile dagar i Madrid.me har sjekka inn på hotell Mario, staden me har budd to gonger før. Sist me var her vart me oppgraderte til luksusrom etter at eg med ein cm klaring hadde unngått å få ei stor keramisk veggplate i hovudet etter at ho løsna og datt ned mens eg pussa tennene….
Heidi