Gå til innhald

Januar

januar 10, 2017

image

Dei siste dagane har me hatt ekte jærsk vinter med store mengdar regn. Eg har tenkt å bli veldig flink til å gå tur igjen, men eg må innrømma at dei siste dagane har det frista lite å gå ut att i regnet når det er blitt heilt mørkt ute allereie. I helga var eg litt borti forkjøling og noko lett influensaliknande, men heldigvis har eg halde meg på beina, så det går nok over i likaste laget.

Eg trudde det var travelt når kvardagen kom tilbake, men på ein måte fekk eg plutseleg ein del tid aleine etter å ha vore sosial med to eller fleire så å seia heile jula og romjula. Plutseleg fekk eg tid til å lesa. I løpet av helga vart eg ferdig med boka «Arv og miljø» som eg fekk av Sunniva til jul. Det er ei mørk bok som handlar om vanskelege ting, ein arvestrid om to familiehyttar visar seg å botna i djup av halvvegs fortrengde opplevingar langt bak i tid. Er det slik at alle sår kan legast, og er det slik at medlemmane i ein familie tilgje kvarandre alt og framleis vera ein varm og støttande familie? Eg skulle ynskja at svaret på desse spørsmåla var ja. I boka kjenner du nesten under di eiga hud kor vondt det kan gjera å stå midt oppe i slike situasjonar. Eg har lese mykje av Vigdis Hjort og likt det meste godt. Denne gongen var eg først ein litt ambivalent lesar, så vart eg sugd inn i mørket og klarde ikkje å leggja boka i frå meg.

I eit intervju med Gro Harlem Brundtland las eg at nå ville ho sjå «Skam» for å finna ut meir om det som i så stor grad hadde fenga ungdomen. Eg bestemte meg for å gjera det same. Eg hadde fordomar om at eg sikkert ville bli provosert av både det eine og det andre av det eg skulle sjå, eg har jo vald å ikkje kikka nærare på det fram til nå.

Til mi overrasking oppdaga eg at eg likte serien. Eg likte ungdomane og måten dei stilde opp for kvarandre på, og eg syntest ikkje at serien var overflatisk, kjønnsrollestereotyp eller «overkul» som eg kanskje hadde trudd. Eg trudde på dei liva som varr framstilde, og på dei dilemmaene dei stod i. Eg merka meg at både William og Noora nesten framstilde barndomen sin som ein situasjon med omsorgssvikt. Dei klarte seg begge utan foreldre i ganske ung alder. Eg lurer og på kor mange som ville latt ein 16 åring bu heilt aleine annankvar veke fordi mora har ein viktig jobb og ikkje er til stades slik som Eva hadde det…

Eg ville gjerne vita meir om relasjonane desse ungdomane hadde til vaksne. Det kjem lite fram i serien, men kanskje det er meininga. Dei brukar mest ikkje vaksne skodespelarar i det heile tatt. Det er det som foregår mellom ungdomane som har fått fokus. Eg ville nok ynskja at mine eigne ungdomar levde eit litt meir skjerma og kontrollert ungdomsliv enn ungdomane på skjermen, men å vita heilt korleis ungdomar opplever livet sitt kan ein vel aldri heilt skryta på seg som mor. Dei kjem til ein alder der ein ikkje kan gå bak dei og passa på sjølv om ein helst skulle ha vilja det. Eg hugsar forresten sjølv at når eg som 15-16 årinf såg TV-program med taleføre og «kule» ungdomar frå Oslovest, så hende det at eg kjende meg heller lite verdensvant. Eg ser ikkje vekk frå at Skam kan opplevast slik at «vanlege» ungdomar i nå… Men altså, eg må innrømma at eg såg tre sesongar på ei veke og at eg delvis såg dei på tider der eg heller burde ha sove.

Det finst forøvrig veldig fine og oppbyggelege program med målgruppe vaksne og…
Eg har lyst til å varmt anbefala serien «Fyrtårn» der to menneske som ikkje kjenner einannan frå før, men som begge har mykje å fortelja, er aleine saman på eit fyr i to døgn for å snakka med kvarandre og ikkje minst å lytta til kvarandre. Mannen til høgre på biletet under er Thomas Sjöden, svensk forfattar og pastor som mellom anna har den vanskelege erfaringa å få to alvorleg sjuke barn som begge døydde som tenåringar. Dette og mykje anna har han skrive kloke bøker om. Mannen til venster er Marco Alsafadi, idretsstjerna som opplevde å bli heilt lamma, og som etterkvart fekk førlegheita tilbake og vann «Mesternes mester». Denne serien ligg på NRK nett-TV og er med dette varmt anbefalt.

image

image

På fredag var eg så heldig å få nesten ein heil dag saman med mi gode venninne Torun som var «heime på besøk» frå buplassen der aust. Ho hadde med seg heimelaga eplemost frå «Ruud Gård». Eg hadde og ein veldig fin kveld i litteraturgruppe med gode venninner, og på sundag havna me jammen på kinarestaurant med Marit og Petter og hadde ein koseleg middag i lag sjølv om det på ingen måte var avtalt på førehand.

Dagane byr ofte på slike overraskingar, plutseleg får eg ein heilt uventa telefon med heilt uventa innhald, ein mail som varmar innsida på ein uventa måte, eller ord som plutseleg dett som diamantar i hendene mine.

Ein av konklusjonane frå eit av para i serien «Fyrtårn» var at ein som menneske måtte våga å urfordra seg sjølv litt meir, og gå på akkord med eigne komfortsonar av og til. Sjølv har eg i ettermiddag takka ja til å utfordra meg sjølv litt i utkanten av komfortsona. Eg har sagt ja til å delta på slam-konkurranse på Thime stasjon onsdag 25. januar der eg skal ha to innlegg, kvar på fem minutt. Eg har sett slam-poesi på fjernsynet, og tenkt at «Det ser kjekt ut.» Eg får leggja meg i mild trening,  ein av rammebetingelsane for meg blir å gå rett frå kurs på jobben og ned dit, sikkert litt utlada etter ein arbeidsdag på tolv timar, men det handlar mest om å stilla opp og bare gjera det… Etterpå stemmer publikum på kven som skal vinna, så eigentleg burde ein vel stilla med fanklubb og supportargjeng…

image

Sidan eg eigentleg er eit menneske som vegrar meg litt for å bli sett i bås, så er det jo greitt å hiva seg uti noko som utfordrar båstenkjinga litt…

Ha ein fin tysdagskveld.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: