Så har det plutseleg gått ei veke
Og denne veka har vore av det tettpakka slaget. Eg har fotografert ganske mykje og tenkt på ting eg ville skriva, og så har dagane gått utan halvtimar til skriving. For å koma ajour med meg sjølv, så vil eg ta dei som har lyst til å vera med på ei vandring gjennom ei januarveke.
Først har eg rett og slett lyst til å ta dokke med innom eldstejenta mi. Eg er rett og slett litt stolt over kor flink ho er til å få det fint rundt seg.
På fredag ettermiddag kom tredagarsvinteren til jærs. Eg og Leif skulle ut og fotografera litt, og til vår overrasking oppdaga me at så snart me passerte Undheim sentrum så vart verda kvit.
Ein kan seia kva ein vil om snø, men nysnø er utruleg vakkert så lenge det varer.
På Bryne var det framleis grønt, men morgonen etter var det kvitt der og. Planen var å koma seg ut medan det framleis var kvitt over alt, men før me kom oss på tur i Njåskogen litt ut på dagen, var det kvite nesten borte.
Det var helga for å vera sosiale. På lørdag hadde me besøk av gode venner og på sundagen samla me familien og feira at det ville ha vore farmor sin 100-årsdag om ho hadde fått leva i bare to år til.
Om kvelden reiste eg og syster til Sola kulturhus for å sjå på Unge spor si forestilling Cirka-Cirkus. Som de ser så var det ei fargerik og storstila forestilling. Eg lar meg imponera.
Og veka som kom skulle og by på litt av kvart. Her er ein collage frå sundagsskulekurs, feiring av femtiårsdag på jobb og kveldar med ein malande katt i fanget og eit strikketøy i anledning ei lita jente som vart fødd i løpet av veka.
Dei to siste dagane har verda reint optisk sett vore nesten i svart-kvitt der me har bevega oss rundt i eit teppe av skodde og skodderegn.
Nå har eg masse ting på lista over ting eg hadde håpa på å få gjort i løpet av skrivedagen. Dersom eg er like effektiv som eg håpar å få til å vera, så har eg lyst til å skriva eit innlegg til her om litt andre ting. God helg sånn etterkvart!
Heidi