Turistdamer
Etter ein fin togtur nådde me Stockholm omtrent samtidig som at sola gjekk ned og ein stor gul fullmåne viste seg på himmelen. På hotellet i Hornsgatan er me installerte på eit stort tremannsrom der mor har fått sovesofaen ved vinduet.
Me gjekk opp nokre bratte bygater og ned ein endå brattare bakke og over ei lang bru der både tog og gåande kan koma over til Gamla stan. Der åt me god middag på ein italiensk restaurant me hadde fått anbefalt. Me hadde vel eigentleg sett for oss meir uteliv, men alle var litt trøytte etter reising og jobb og Sunniva etter avslutta praksisveker, me ende i spisesalen på hotellet der ein kan sitja om kvelden og det er sjølbetjening med kaffi, te, jus, kaker og frukt. Sunniva som har mest reiseledargener henta eit kart, og ein del brosjyrar me hadde raska med oss slik at me kunne laga ein plan. Så ende me opp på romet der det blei ledd så høgt at me var redde for tilsnakk, og ende opp under kvar si dyne med Skavlan på svensk TV.
Medan ungdomen søv og samlar krefter til ein lang dag i morgon får dei over femtifem avreagera med litt blogg og lesing. Eg har trua på morgondagen.
Heidi