Vil ikkje, vil ikkje, vil ikkje…
Det fine biletet er veggdekorasjon på Sola flyplass. Her sit me og ventar på eit halvannan time forsinka fly som skal ta oss til Amsterdam, og så skal me vidare til Berlin. I Amsterdam er det masse kansellerte fly på grunn av sterk vind. I går ettermiddag fekk me beskjed om at flyet me skulle ta frå Amsterdam var kansellert på grunn av vind, så nå er me ombooka på eit anna fly. Turen kjem til å ta heile dagen, og det er heilt ok, viss det ikkje var for det med vinden.
Dei som kjenner meg, veit at eg i utgangspunktet veldig ugjerne går i fly. Kvar gong eg gjer det så spør eg meg sjølv korfor eg gjer dette… Svara er ikkje så vanskjelege å finna. Akkurat nå gjer eg der for å få nokre fine dagar i Berlin med Leif og gode venner, men eg må innrømma at då me stod i innsjekkingsluka for å finna ut korleis me skulle organisera reisa, så håpa eg at den vennlege dama skulle seia at turen måtte avlysast eller at me måtte ta tog mellom Amsterdam og Berlin dersom me ville fram.
Eg har prøvd å fortelja familie og venner at eg som miljøaktivist snart må seia at eg av samvitsgrunnar ikkje lenger kan reisa med fly. Dei trur ikkje på meg, og meiner eg fer med vikarierande motiv. Litt rett har dei sjølvsagt. Likevel meiner eg det litt. Det at me rike og privilegerte driv og tek fly i tide og utide er i følgje all fornuft veldig lite bra for klimaet. Heia NSB! Trass alle dine feil og mangla så har eg deg og dine syskenforetak inderleg kjær, som det heiter på bibelspråket…
Og korfor eg sit på flyplassen og skriv alt dette. Det er sjølvsagt stressbearbeiding… Dersom det då ikkje virkar stikk motsatt, at eg skriv meg kvalm og oppskjørta medan skuldrene nærmar seg øyrene…
Nei, nå skal eg vera flink jente og prøva å overføra min sedvanlege tillit til livet og mine medmenneske til flyselskapet KLM… Eg skal prøva å vera takknemleg for at eg sannsynlegvis er trygt framme i Berlin før midnatt, eller at me kanskje ( i beste fall 😉 ) får ei overnatting i Amsterdam medan stormen løyer…
Tenk meg gode tankar 🙂
Heidi