Ei veke i mars
Det har vore ei fin veke. Noko av det finaste var å ha Sunniva heime på oppgåveskriving frå måndag kveld til fredag morgon. Me måtte bruka kveldane så godt me kunne sidan alle var på arbeid på dagtid, det vart familiemiddag på tysdag, åttande mars- feiring i litt roleg format med mat på kjeøkkenet og kino om kvelden. Me såg filmen om afroamerikanske natodamer som havna i skuggen då historien om romkappløpet med Sovjetunionen skulle skrivast ned.
På torsdag var alle ansatte i Time kommune inviterte til storstova der me fekk mat frå Vidsyn og shov med Christine Koht. Dama er ellevill, fargerik og utruleg, og fekk trauste jærbuar til å våga seg utpå med for oss litt ukjende kommunikasjonsformer.
Ho meinte at det var lite som skulle til for å gje dagen eit lite løft. Bare det å koma til jobb med kjolen oppi strømpebuksa gjorde at veldig mange menneske automatisk ville koma i godt humør. Ho var ikkje snauare enn at ho demonstrerte ein del slike praktiske teknikkar for oss. Ho fortalde og om den gongen ho var på slankekur og vart så sur og sjølvopptatt av det at ho kom fram til at ho veldig fort måtte eta seg opp i vekt att for å vera eit menneske ein kunne bli glad av å vera i lag med. Dersom nokon trong tips til korleis ein raskast mogleg skulle legga på seg, så var ein av metodane å ha ein 200 grams sjokolade på nattbordet slik at ein kunne få i seg mest mogleg kalorier om ein vakna om natta. Oppfordringa til alle i Time kommune var å vera rausare, meir fargerik og litt mindre sjølvhøgtidelege. Slike tips kan me godt ta med oss vidare.
Ein av dei store opplevingane denne veka var konsertane med songskattane som og fann stad på torsdag. Elevane våre i fjerde klasse har øvd inn store mengdar tekst og kunne mange songar av Margrethe Munthe, Alf Prøysen, Torbjørn Egner og Inger Hagerup utanåt. Med fantastiske musikarar, som var ansette i kulturskulen, og innlagde små dramasnuttar, så vart det ei flott oppleving. Å sjå meir enn hundre ungar, kledde i gammaldagse klede synga av full hals gjer ein glad på grensa til det sentimentale, og me var stolte av elevane våre soom var blitt så flinke. Ein av songane «Dukkemor/ Å jeg strever så med mine små du», viser tydeleg at Margrethe Munthe levde i ein annan tidsalder kva barneoppdragelese angår. Ei lita jente syng om dukkene sine:
» Og så er den minste ikke snill du,
hun vil slettes ikke ligge still du,
tenker lille Lise må få litt av riset,
for jeg skjønner nok at det må til du.
Mine små du, pleier få du,
og jeg synest at det hjelper så du…»
Det var ein grei anledning til å fortelja barna om barneoppdragelse før og nå, og at nå er det heilt utan unntak forbode å slå barn her i landet. Verda går framover på nokre felt i alle fall.
Nå i helga har eg hatt besøk av opptil fleire kjekke damer, eg har skrive dikt og hadde planar om å skriva mange gjennomtenkte blogginnlegg. I staden for det siste har eg fortapt meg i lesinga. Eg har lese «Land ingen har sett» av Edvard Hoem og er nå halvvegs i den siste boka i serien til Elena Ferrante, «Historia om det tapte barnet». Begge bøkene kan anbefalast.
Strikking har det og blitt mykje av. Når eg først set i gang kan det bli reine manien så lenge det varer. I dag har eg og hatt sundagsskule. Teksten var om då profeten Elia gøymde seg oppi fjella fordi han vart forfulgt. Gud hadde lova å koma til han, det kom ein storm, men Gud var ikkje i stormen, det kom eit jordskjelv, men Gud var ikkje i jordskjelvet. Det kom ein brann, men Gud var ikkje i brannen. Gud var i stillheten etterpå.
Eg synest det er så fint uttrykt. Ein Gud som finst i stillheten.
Eg har mykje eg har lyst til å skriva om, men det får rekka for i dag. Ha ei god ny veke, alle saman.
Heidi