Vårtankar om livet og om kva kyrkja kanskje kunne brukast til…
Det er vår igjen. Me ser det på lyset, sjølv om veret er lunefullt i mars. Det skiftar frå fint solfykt vårver til iskald sur vind og snøblanda regn. Det er slik det er på denne årstida. Men ute er det mange teikn på at me går mot lysare og varmare tider.
Dagane har vore innhaldsmetta, og på grunn av lesedilla og strikkedilla er det blitt lite tid til å kosa seg med bloggskriving dei siste vekene. Det betyr ikkje at det ikkje til ei kvar tid sviv blogginnlegg i fantasien min som eg tenkjer at eg skal skriva ned når eg ein dag kjem så langt som til fri leik på tastaturet.
Det er nesten som på dette veggmaleriet eg knipsa eit foto av då me var på kunstinnkjøp med den kommunale kunstklubben på onsdag, fargerike og elleville figurar svingar seg rundt i tankane og vil gjerne bli tekstar.
Etter å ha høyrt tankar om skuleutvikling på dagsnytt, så har eg tankar som gjerne vil bli ein tekst om skulen. Det får mognast litt meir før eg skriv det net. I dag etter gudsteneste og sundagsskule hadde me årsmøte i kyrkjelyden. Me vart utfordra til å skriva ned tankar om visjonane for kyrkja vår på gule post-ir- lappar. Sidan det er plass til lite tekst på ein post-it-lapp, så kom det fleire tankar og ville ut. Dei kan kanskje få ein sjanse her…
Eg trur at mange har ein lengt etter ein stad å høyra heime, ein lengt etter eit mysterium å forankra livet sitt til, ein plass det er lov å stilla spørsmåla, og der svara ikkje bare kjem med to streker under. Eg trur at mange har bruk for ein plass der ein kan møta andre menneske og ha gode samtalar. Der nokon kan lytta til livshistoriane deira, både dei kvardagslege og dei store og djupe. Eg trur at alle har bruk for ein stad der dei kan lytta til
andre sine erfaringar og historiar. Eg trur at mange har bruk for ein plass der dei kan sitja i nokre timar med liva sine, tenna eit lys og be ei bøn eller tenkja litt i fred og ro.
Eg veit at høgmessa og ein del av det som foregår i kyrkja kan kjennast framand og irrelevant for mange. Eg er sjølv glad i tradisjonelle gudstenester, men ynskjer og at kyrkja skal kunna brukast til andre formål.
Nå skal me snart pussa opp kjellaretasjen i den førti år gamle arbeidskyrkja vår. Eg ynskjer meg eit rom der me kan ha ein kafeliknande stad ein gong i veka der ein kan kjøpa seg ein kopp kaffi og ein eller annan enkel form for mat. Eg tenkjer at folk kan koma og sitja der for å snakka med andre, kanskje høyra litt musikk eller noko anna som eit lite innslag i noko som stort sett skal vera program. Der skal det vera frivillige kafevertar som er klare for å snakka med folk og møta dei som er der. Det kan og vera moglegheit til å snakka aleine med eit medmenneske dersom ein har bruk for det.
Eg vil gjerne ha ei open stove og eit ope kjøkken heime der folk kan stikka innom, men eg innser at det er mange begrensningar for at det skal vera slik eg gjerne ville. Eg tenkjer at kyrkja er eit hus me eig saman og som endå fleire kunne fått glede av å bruka. Nå skal det tilføyast at aktiviteten i Brynekyrkja er kjempehøg og at veldig mange frivillige er med på å driva ulike former for frivillig arbeid. Kanskje det etterkvart blir plass til noko som liknar på det eg har beskrive og? Eg har tenkt på dette i mange år. Eg trur at dette er noko eg kunne tenkja meg å bruka tid og krefter på, men eg innser at det trengst mange fleire enn meg, og i tillegg eit eigna loka.e. Kanskje det kan vera ein slags begynnelse å skriva det ned her … Eg ynskjer at kyrkja skal vera ein plass der mange fleire enn meg kan koma for å varma seg.
Heidi