1.mai 2017
Etter ein rask og kjøleg aprilmånad, har me opna døra og gått inn i mai-månad. Ein av dei rare tradisjonane eg har pålagd meg sjølv heilt frivillig er å skriva blogg kvar einaste dag i månadane mai og desember. Kvart år spør eg meg sjølv om eg skal gje meg i kast med dette i år og, og kvart år ender det med at eg bestemmer meg for å gjera eit forsøk. For meg er dette eit slags livsdokumenteringsprosjekt om tider som kjem og tider som henruller som me syng om i desember. Livet kjem og går og endrar oss nesten umerkeleg frå år til år og veke til veke. For oss privat har året sidan sist det var mai vore eit veldig bra år der gode ting har fått skje, for andre me kjenner godt har det vore eit vanskeleg og utfordrande år og kva dagane bringar av gode og vanskelege ting har me ingen kontroll på nokon av oss. Det einaste me veit er pusten me har i lungene akkurat nå, og livet me er i kvar gong eit sekund blir til eit nå. Eg sit her med ein malande katt på musematta, med vått nyvaska hår, eit stort glas farris og ei bunke papir eg held på å reinskriva på skrivebordet framfor meg. Eg høyrer ofte radio medan eg skriv, akkurat nå høyrer eg radiogudstenesten frå i går.
Ute er himmelen blå med lette blondeskyer, og om ei stund skal eg ut i det fine vårveret som gjer velsigna godt etter ein lang periode med iskald vind og mykje regn. I sist veke var det til og med snø på bakken fleire morgonar. Eg hdikt frå brukt ein morgontime på å lesa ferdig Astrid Lindgren sine krigsdagbøker. Dei vitnar om levd kvardagsliv og sosialt og politisk engasjement i vanskelege tider. I dag er det den store solidaritetsdagen, første mai. Eg og Leif har lese dagens tekst og dagens dikt frå boka Bibeldikt. Det handla om den rike mann og Lasarus, og det er ingen stor tvil om kven me liknar mest på. Lasarus vakna i dødsriket og var varm og tørr i munnen. Den rike mannen bad Abraham senda Lasarus ned til han med vatn han kunne kjøla tunga med, då fekk den rike mannen beskjed om at sånn var det ikkje lenger, Lasarus hadde lidd nok, nå hadde han fått eit fang å sitja på.
Det slo meg i kor stor grad me kan kjenna att dette biletet. Me synest det er rett og rimeleg at me sjølv skal ha det meste, og at andre skal bidra med det dei har for at vår del av verda skal vera beskytta og trygg. Me veit at Lasarus framleis er i live. Han svelt og frys, han er med rette redd for at huset hans skal bli bomba fgummibåtør natta er over. Han er på flukt i ein liten gummibåt, han leiter etter reint vatn å gje barnet sitt å drikka. Lasarus er og ei kvinne, med og utan hijab, med og utan mat nok til denne dagen, med og utan håp for framtida. Merkeleg nok er det nesten lettare å forhalda seg til Lasarus når ho eller han er langt borte enn når ho sit på det kalde fortauet i Bryne ein dag i april med eit pappbeger framfor seg i lange skjørt, og me ikkje heilt veit om ho verkeleg svelt eller om ho kan tenkjast å ha kriminelle bakmenn i ryggen. Uansett så kan det ikkje vera spesielt varmt å sitja der.
Eg skal ikkje gå i tog i dag, men eg har gjort det før, og det er ikkje utenkjeleg at eg kjem til å gjera det igjen. Hadde eg budd i nærleiken av Washington DC, ser eg det ikkje som usannsynleg at eg hadde gått i det toget som ganske nyleg gjekk forbi det kvite huset med ei bøn om at han der inne må tenkja ein andre og tredje og fjerde gong når det gjeld synet på klimatrusselen. Kanskje tida for demonstrasjonstog verkeleg er komen? Det eg veit at tida er komen for er å ta med seg hjartet sitt der ein ferdast. Det er på tide å sjå lenger enn til sin eigen nasetipp. Me har ei jord på deling og ho har det ikkje greitt. Alt for mange av dei som bur på ho har det heller ikkje bra, det er langt igjen før alle har like sjansar og levekår. Kva er det som får oss til å tru at me har ein soleklar rett til å ha det så mykje betre enn dei fleste andre?
Eg er overbevist om at alle menneskehar moglegheita til å forandra verda… Litt eller mykje… Kven skulle elles gjera det? Måtte Gud velsigna oss og fri oss frå litt av vår store egoisme. Og måtte sola og våren gje oss glede og energi som me kan bruka til noko godt.
Akkurat nå lyser dei velsignelsen på radio:
Gå ut og tjen Herren med glede.
Heidi