3.mai – Om å ha begge beina midt i nokon sin barndom
Det er ikkje verst å sykla til skulen i solskin og vindstilla, sjølv om morgonlufta framleis er ganske skarp. Eg fortel meg sjølv at nå har me gått over til det eg sommarsesongen, og nå skal me ha lys og blomar og grøne tre i fem månadar framover. Det ikkje heilt skarpe biletet over er eit forsøk på å visa fram at frå arbeidsplassen min i fjerde etasje i gamlebygget på Bryne skule, så har me faktisk havutsikt. I alle fall når veret er sånn nokonlunde. Skulle verda gå oss i mot, så er det mogleg å bruka eit halvt minutt på å pusta roleg inn og ut og studera skipa som går der ute…
Noko av det som er verkeleg fint med å jobba med barn, er når ein kan få rydda seg tid til å setja seg ned med ein om gongen til ein samtale om korleis livet ser ut for dei, og korleis det kjennest å vera ti år og elev. Dette har eg fått lov til å bruka store deler av denne arbeidsdagen til. To gonger i året er sett av til slike samtalar føreut for at me innkallar foreldre til utviklingssamtale i lag med oss og barnet. Sjølvsagt har me fagleg perspektiv på desse samtalane, men noko av det finaste synest eg er å ha tid til å lytta og høyra kva dei har å fortelja. Heldigvis så er mitt inntrykk at dei aller fleste av elevane våre synest at dei har det fint på skulen og trivst med både vaksne og medelevar. Det er eit heilt lite samfunn som utspinn seg i ganger, trapper, klasserom og uteområde på ein skule, mange vaksne får dessverre aldri oppleva korleis det kjennest å vera ein del av det. Det er og ein del av livet som eg sjølvsagt i nokså avgrensa grad kan skriva om her på bloggen, men eg kan melda om at det er intenst, og forunderleg og fint og levande.
I dag gjekk brannalarmen og varsla ein av dei relativt hyppige brannøvingane me og elevane skal gjennom. Hos oss er det mange trapper, mange utgangar og mange utgangsdører, og me vaksne er relativt drilla i rutinane for å få alle barna ut på ein roleg, men effektiv måte. I dag morges fekk eg litt maurtueassosiasjonar når barna strøymde på lange rekkjer ut av alle opningar i bygga for å stilla opp på fotballbanen. Dersom me hadde vore arbeidsmaur, ville kanskje aktivitetane våre reint zoologisk vore kategoriserte som yngelpleie. Av og til slår den alvorstanken over meg at her betrur folk oss det aller kjæraste dei har i vår varetekt store deler av døgnet, og at det er vårt medansvar at dei får utvikla seg til sjølvstendige, skapande, ansvarsbevisste, samarbeidande og omsorgsfulle menneske som skal vera i stand til å bera tyngda av sitt eige liv og ta ansvaret for seg sjølv og andre i all framtid. Det er ei utruleg stor oppgåve å stå i. Sjølvsagt skal dei læra grammatikk og gangetabellar og, men i den store samanhangen, så er kanskje det den minste utfordringa.
Alle menneske skal resten av livet bera med seg ein barndom, og barndomen deira er nå.
Heldigvis er det mykje humor, leik og glede i skulen sjølv om me kan ha sterke meiningar om det eine og det andre som ideelt sett kunne vore annleis om me sjølve fekk detaljstyra alt og få det som me ville. Det eg føler mest behov for å skrika ut når det gjeld skulepolitikk er fylgjande: Pass på at det er nok vaksne i skulen slik at me har sjanse til å sjå alle barna, høyra kva dei har å seia og ta oss skikkeleg av dei både fagleg og menneskeleg. Spesielt er eg oppteken av dette når det gjeld dei aller yngste elevane våre. La oss vera mange nok til å ta oss skikkeleg av heile dei. Det trur eg alle vil tena på i framtida.
Ikkje visste eg at dette innlegget skulle utvikla seg til å bli skulepolitisk då eg starta å skriva, men det var viss slik det gjekk i dag…
Heidi