Gå til innhald

4.mai- Bli med på kveldstur på stranda

mai 4, 2017

Torsdagar er langdagen min. Første er det vanleg arbeidsdag på skulen, så ein liten pause med kolleger i kulturskulen før eg har undervisning i skapande skriving. Ofte er eg veldig klar for å koma meg heim etterpå, men i dag fekk eg ei forlokkande melding frå Ingrid som ville ha meg med på tur på stranda. Været var nydeleg, så det kunne eg ikkje seiea nei til. Me som har budd her mesteparten av livet veit at når noko som liknar sommar kjem forbi, så må me bita og klora oss fast med negler og tenner før han forsvinn.

Sidan ikkje alle er så heldige at dei bur akkurat her, så fann eg ut at mitt bloggbidrag i dag fekk bli å invitera alle interesserte med på litt digital strandvandring.

For visst er det fint her i den kveldstimen når alt gløder. Me tek gjerne med oss mange slike kveldar i løpet av dei komande månadane.

I morgon har eg eit stort prosjekt eg skal jobba med her heime, men først skal eg unna meg å sova utan vekkerklokke. Det er luksus eg set stor pris på.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: