5. mai -17 Om å forstå det uforståelege
Overskrifta i dag ser meditativ og mystikkprega ut, men sanninga er i dette tilfellet meir profan. I går kveld og i kveld har eg sett på dokumentarar om Donald Trump sin veg til presidentstolen. For ein månad sidan hadde eg ikkje orka å fordjupa meg i det, men nå var eg klar.
Det store spørsmålet er jo, korleis i all verda kunne han bli vald. Det andre spørsmålet er, kan det vera at situasjonen ikkje er fullt så vanvittig som han kan virka for europearar, og kanskje i særleg grad nordmenn…
Eg veit ikkje kva svar eg hadde venta meg å finna, og eg veit ikkje heilt om eg har funne det, men eg har prøvd å setja meg inn i dei tankebanane som ligg bak at resultatet vart som det vart. Eg er ikkje heilt sikker på om eg har klart det heller…
Det er for meg uforståeleg at det skal vera ei berøving av fridom å ikkje få lov til å ha ein pistol i handveska, og det er for meg uforståeleg at amerikanske kyrkjefolk ser på Trump som etikkens beskyttar. Det er kanskje meir forståeleg, men for meg noko av det aller tristaste at kampen for å beskytta jorda frå ei økologisk storkrise ser ut til å vera skrudd mange skritt tilbake. Det må vera fint å ikkje tru at klimaet er trua, det kan eg forstå, og ingenting ville gleda meg meir enn at eg tok feil, og at Trump hadde rett. Dessverre trur eg ikkje at det er slik.
Ein får håpa at det som har vore den mektigaste nasjonen i verda ikkje fullstendig mista gangsynet under det siste valet. Eg ville ikkje stemd på den sitjande presidenten, men ein får gå ut frå at det er mange menneske med vitet i behald som representerer det partiet han trass alt må styra i lag med så lenge han er ein del av eit demokrati.
På nokre felt som ikkje først og fremst har med Trump å gjera, tek eg meg i å tenkja som eit barn: Korleis kan nokon av oss gå rundt og tru at me har ein sjølvklar rett til å ha det så mykje betre enn alle andre. Korleis kan me tru at nokre menneske er meir verd enn andre, og at nokre menneske dessverre, det er synd på dei, har trukke eit dårleg lodd og dessverre må leva i fattigdom fordi det bare er slik?
Eg er til og med så barnsleg at eg reagerer med reine følelsar når dei snakkar om kva som er lov i krig og ikkje. Det er vel og bra at noko er forbode i krig, men er krig verkeleg lov i det heile tatt? Så lenge ein bruker reine bomber og ikkje skyt sivile, så er alt i sin skjønnaste orden? Og er det verkeleg sjølvsagt at nokon har lov til å sitja på store mengder atomvåpen som dei har rett til å bruka til å trua andre nasjonar til ikkje å ha atomvåpen? Eg treng vel ikkje skriva at eg har lite til overs for styresettet i Nordkorea, men eg håpar rette vedkomande skjønar at dei menneska som er så grunnleggjande uheldige at dei bur der akkurat nå har liv som er like mykje verd som amerikanskje liv.
Eg har i meg ein grunnleggjande optimisme og liker å tru at «Sakta men steg för steg går det framåt, det måste man tro,» som forfattaren Märta Tikkanen uttalte, rett nok i ein annan samanhang. På mange vis har verda gått framover, men det er langt fram, og fallhøgda uendeleg stor.
I sommarleg kontrast til desse tankane står den utruleg fine forsommardagen me har hatt i dag. Eg og Ingrid åt lunsj på uterestaurant på Bryne og kunne leika at me var på ferie i sommarland. Eg har jobba hardt med eit prosjekt mesteparten av dagen, men i kveld måtte eg ut på leiting etter bankkortet mitt som viste seg å vera gjengløymd på M44 i går. Som alltid fekk eg det trygt og ubrukt tilbake og gler meg over alle ærlege folk, som det heilt opplagd er mange av, sidan eg alltid får tilbake forlagde handvesker, bankkort, mobilar og lommebøker. Eg bare nevner det, sidan eg står i fare for å bli sett på som inkarnasjonen av naivitet etter denne teksten.
Sidan eg først hadde fått med meg Leif ut på tokt, køyrde me ein nydeleg kveldstur i det fine veret med innlagde stopp på Obrestad havn og etterpå utvalde stader på Høgjæren. Eg byr på sommarbilete for å nøytralisera det eventuelle mismotet nokon kunne koma til å føla etter å ha lese denne teksten…
Det gamle skulesongbegrepet «steinute strender» får ei konkret vinkling på Obrestad havn:
Men vakkert er det. Det skal ingen ta i frå oss.
Heidi