Gå til innhald

9.mai

mai 9, 2017

Etter å ha jobba med det eine og det andre heilt til nå, så sit eg her og lurer på kva dagens tekst skal handla om. Kanskje eg skal by på sjølvskrivne dikt? Eit frå boka som kom ut for snart to år sidan, og eitt frå boka me reknar med skal koma i haust? Det var ein idé som landa i hovudet mitt akkurat medan eg skreiv dette, og innfalla skal ein ta vare på… Nå skal eg sjå kva eg finn. Først leiter eg etter noko passande i «Ta heller med deg hjartet ditt»…

AV APRIKOS OG LAKRIS

Orda skal fylla hjarta våre
og bu i munnane våre.
Dei skal bera med seg
som ei kribling av noko større,
slag av sommarfuglvenger,
den fjørlette kjensla av spindelvev,
Lydane av barneføter på golvet,
varmen av barnekinn,
pusten  frå dei som gjekk frå oss.

Orda skal smaka av aprikos
og av lakris,
av sommareple og rabarbra.

Rause skal me la orda bu mellom oss.
Me skal kjenna dei att
og røra dei med ettertanke

***

Så må eg leita eitter eit heilt nytt dikt. Det er kanskje best at eg lagrar dette så lenge.

Til mi overrasking vart det dette:

Eg kler meg i håpets kyrkje,
og går ut for å elska,
menneske med hetter av sorg
over hår og nakne nakkar.
Menneske
med sitrande modige håp
mellon kalde fingrar.
Gå oppreist ut,
ut i ei verd som kvilde i kjærleik,
som dirra i omsorg og glede
før dei første menneskeføtene
rørde ved jorda.

Eg spør kva kjærleiken vil
eg skal gjera,
eg ropar i motvind,
og høyrer kallet
til å vera her,
til å våga å vera glad
Eg står her midt i paradokset
og skal ikkje vera redd.
Eg veit ikkje om det siste diktet er ferdig. Eg forandra på det akkurat nå.  Tida får visa.

Heidi

From → Uncategorized

2 kommentarar
  1. Signy permalink

    Takk Heidi. Nydeleg dikt.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: