Gå til innhald

Onsdag 10.mai

mai 10, 2017

IMG_9024

Dette har vore ein innhaldsmetta dag kulturelt sett. Først var me med fjerdeklassingane på forestilling med Den kulturelle skulesekken og såg Raymond Sereba frå Elfenbeinskysten trollbinda ein aula full av barn med tromming, forteljing, pantomime, sang og fløytemusikk.

Så var eg på tur til Vitenfabrikken på Sandnes saman med ei mindre elevgruppe og min flotte kollega Caroline. Det er eit fantastisk tilbod til skuleelevar litt a la Teknisk museum i Oslo. Det er bare synd at det er så dyrt å flytta på heile klassar. Det er ikkje ein gong til å tenkja på å reisa til Sandnes eller Stavanger med tog eller buss ein gong i året på grunn av gratisprinsippet og slunkne pengesekkjer.

Relieffet over er laga ved at barna presser kroppen sin mot «plastspiker» som står tett i tett i kanalar slik at ein kan pressa dei over på den andre sida.

Så har eg vore på teater med ein flott gjeng kolleger og sett urpremieren på Tore Renberg sitt nyskrivne stykke «Indianaren». Det var ei veldig flott forestilling. Innhaldet vil eg ikkje seia så mykje om, fordi det opnar seg lag for lag på ein veldig fascinerande måte. Eg kan forresten fortelja at scenografien som alltid imponerte meg. Me er på ei grasslette framfor ein herskapsvilla der det skal  haldast hagefest, og mykje viser seg å vera annleis enn me først trudde.

Dagny inviterte oss til før-teater-samling i ei fantastisk fin ny utestove i ein hage det er ei estetisk oppleving å vera i. Me fekk kjempegod pastasalat og bruschettabrød med heimelaga hyllebærsaft til. Det er fantastisk å sitja godt og varmt midt i hage med sommaren rundt seg sjølv om det eigentleg er ganske hustre ute…

Eg skulle meir enn gjerne hatt ein slik hage, men siden verken meg eller Leif er menneske med evne og vilje til å prioritera å få det slik rundt oss, så nyt eg ekstra mykje å bli invitert heim til folk som er det…

Nå må eg jobba litt meir med boka i skapande skriving før eg kan leggja meg. Eg skal vera så rask eg kan, kjenner eg…

Heidi

 

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: