12.mai
Nokre dagar er veldig innhaldsmetta. Slik var det i dag. Eg er glad og takknemleg og litt letta for at alt har gått bra. Etter ein kort og intens inkubasjonsperiode var Andreas Bøe- prosjektet i Den kulturelle skulesekken klar for å prøvast ut med dei to første gruppene med sjuandeklassingar. Eg hadde stressa litt med om det tekniske ville falla på plass. Mellom anna bekymra det meg litt at mølla i går kveld var ein hermetisk lukka byggeplass med anleggsgjerde rundt som eg måtte klatra over i går kveld då eg hadde snike meg inn ein bakveg for å sjekka ut forholda. Eg fekk heldigvis god teknisk hjelp til å kopla opp prosjektor i dag morges, det kom til og med ein snill mann og kokte ei heil kanne kaffi til meg. Då elevane kom viste det seg at opegget fungerte akkurat sli eg hadde håpa. Slikt veit ein aldri på førehand. Det å vera formidlar når ting fungerer er veldig kjekt, så me får håpa det fungerer like bra dei resterande fire fredagane.
Frå mølla sykla eg rett til Sivdamssenteret, for nå var det rett frå kulturell skulesekk til kulturell spaserstokk. Kvart år arrangerer Time kommune middag for dei som fyller nitti år med fylgje der ordføreren er til stades med kjedet rundt halsen og et saman med dei før det er høgtideleg overrekking av blomar og tale frå ordføraren. Torhild og eg var hyra inn or å underhalda, og fekk lov til å vera med på gildet. Det var høgtideleg og vakkert, og nitti må vera det nye sytti, for fleire av dei var utruleg spreke. Utanfor blømde det japanske kirsebærtre og bjørkene står så fine g nygrøne. Etterpå var Torhild med heim til kaffi, og så dukka det opp ein firbeint overnattingsgjest. Det er ytterst sjeldnan eg søv middag, men i dag sovna eg på sofaen i lukkeleg utmattelse. Det kom sikkert vel med, for i kveld har eg hatt eit veldig triveleg treff med tre barndomsvenninner på Ålgård. Det er så fint at me framleis har god kontakt og har det veldig kjekt i lag. Takk for nydeleg mat, Karin og takk for ein gild kveld til Jane og Rita og,
Medan eg sit her og kriv, så ser eg at det er blod på tastaturet. Først trudde eg det kom frå eit sår eg har på ein finger, men då oppdagar eg at det er tastaturkatten min som blør frå ei rift på øyret. Då var det nok den som nettopp skreik til utanfor. Eg trudde det var to hankattar som braka saman. Ho har tydelegvis ikkje forstått at ho er ei eldre kattedame på tolv-tretten år og kanskje burde ta livet litt med ro. Eg får finna ein eigna måte å fjerna blod frå tastatur på… Så skal eg jaga meg sjølv i seng, for i morgon swinger livet vidare.
Heidi