Gå til innhald

18.mai

mai 18, 2017

 

 

Å halda eit sekund
i hendene mine,
tynnhuda og lite
mellom fortid og framtid,
stryka det varsamt,
med blikk
og med nakne fingertuppar,
velsigna det
og la det fly vidare.

Heidi

From → Uncategorized

One Comment
  1. Steinar Hobberstad Fjeld's avatar
    Steinar Hobberstad Fjeld permalink

    Vakkert, Heidi! Takk! Gav meg inspirasjon til å skriva:

    I eit nybore sekund
    Som eit mannakorn
    som somme ser stjerner i
    Som andre sansar bølgeskvulp
    med ustanseleg rørsle i
    Eit sekund
    ein kan gløyme med det same
    Eller gripa i augneblinken
    og bera med seg
    Under huda
    Så lenge eit hjarta kan slå
    og sekund som kjem strøymande på
    varsamt tek tak i fingrane,
    armane, føtene, tærne dine
    Og kviskrar i natta:
    Det var deg, eg visste det var deg
    Du som strauk bogen min
    og klimpra på strengene mine
    Du som smaka på det hine berre såg
    Du som fanga minna som i auga mine låg
    I eit nybore sekund shf

Legg att svar til Steinar Hobberstad Fjeld Avbryt svar