Gå til innhald

25.mai

mai 25, 2017


Dette har eg gleda meg til… Fire dagar fri… Sidan eg har hatt så mange prosjekt gåande og så mange ballar i lufta på same tid, så har helger og fridagar stort sett gått med på å jobba med desse. Etter å ha sitte med lenge med jobbrelatert kontorarbeid etter undervisninga i går, så hadde eg lova meg sjølv å ta heilt fri i helga.

Det kjennest veldig bra, men eg veit av erfaring at ein treng eit par dagar til å henta seg inn når ein plutseleg ikkje har det ekstremt travelt lenger. Det litt slitsame er at det i slike situasjonar alltid er ein del forefallande i heimen å bruka fingrar, armar og bein på, om ein måtte føla for det… Eg har fått rydda glaset med julesild og diverse anna ut av kjøleskapet, og som alltid lova meg sjølv å bli flinkare til å tømma matskapa før me kjøper nytt. Der er det eit visst utviklingspotensiale… I løpet av helga kan det tenkjast at eg får rydda skrivebordet og… Det kjem ikkje bilete av det i dag heller…

Ingrid og eg har fått oss ein tur langs stranda. Det er alltid ein fin ting å ta seg tid til. I dag var strendene pakka inn i skodde. Slikt skoddelys gjer at fargane blir så fine. Naturen har eksplodert dei siste vekene. Det er så fint å sjå. Nå er me akkurat på terskelen til sommaren, som er mi absolutte yndlingsårstid, sjølv om eg har sansen for dei andre og.

Det er fint å sjå at dei bestøvande insekta er på plass. Eg lurer på om det vesle oransje vesenet på alperosa er ein humlevariant eller ei blomsterflue. Det likna ikkje heilt på nokon av delene slik eg ser dei for meg.

Det å ta fri frå prosjekt inneber ikkje avslappande tekstile prosjekt. Eg har fått dampa og ferdigmontert ein babykjole som i grunnen vart ganske fin. Det komande mormorbarnet har nå fått kvitt hentesett og bleikrosa kjole med mønster på berestykket. Garn til eit nytt stort strikkeprosjekt er nå innkjøpt og påbegynt. Det ligg kjærleik og bøner for det vesle livet i maskane… I tillegg til strikkinga så har eg bakt ein boks knallgule safranbiscotti. Sunniva kom heim frå Marokko med store mengder safran som eg fekk i gave det året ho
gjekk på folkehøgskule. Ein heil del av safranen har gått til bakverk. Nå held det bare til ein runde til, trur eg.

image

Og i livet mitt er mai-månad reine festreisene i høgtider. I løpet av ei veke har me hatt 17.mai. Sunniva sin gebursdag og min gebursdag, I dag er det endå ei høgtid, markeringa av 32 års bryllaupsdag, som vel må seiast å ha fått ei markering av det svært forsiktige slaget. Eg fekk tigga meg til ei teikning i anledning dagen, og så åt me heimelaga pizza i lag med mi teikneføre eldstedotter før me fekk oss ein kveldstur over Jæren for å sjå og fotografera grøne tre, blomar, lam og sauer. Tidlegare i veka køyrde eg og Ingrid forbi eit lam som låg på ryggen til mor si. I dag kjørde me forbi ein sau med ei skjor på ryggen og ein sau på ein høg stein. Alt saman ville vore fantastiske fotomotiv om dei bare hadde halde posisjonen litt til ære for oss… Det gjorde dei ikkje. Nå skal eg starta på ei bok eg har gleda meg til å lesa. Eg har god tru for resten av langhelga.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: