26.mai
I dag viar eg dagen til sol, sommar og vennskap. Det har vore ein slik dag me drøymer om heile vinteren og store deler av sommaren med blå høg himmel, grøne tre og blomar langs grøftekantene.
Eg og Anne Mette gjekk tur langs stranda frå Hå gamle prestegård og nesten til Orre før me snudde og gjekk tilbake. Bølgene skvulpa, måkane skreik og fuglane song, og det var som balsam for kropp og sjel å bare gå der og snakka lågmælt saman om viktige og uviktige ting. Etterpå kjøpte me oss mat i kafeteriaen og sat og åt medan me såg utover havet.
Etterpå tok eg sykkelen ned til Bryne der eg møtte Ingrid og fekk ein bitteliten smak av Jærdagen. Jærdagsarrangørane ikkje til forkleinelse, men denne dagen gjorde seg rett og slett endå betre ute langs sjøen…
Om kvelden hadde eg invitert to venninner til veldig lettvint kveldsmat, ost og kjeks og bær og druer, saman med safranbiscottiane frå i går og ei stor melkesjokoladeplate eg fekk av ein elev då eg fylde året. Det vart ein veldig koseleg kveld saman med Torun og Astrid.
I kveld har skodda sige innover landet og Jærnatta. Eg er spent på om ho lettar i morgon tidleg slik at me får den fine,varme sommardagen me har høyrt rykte om skal koma. Mykje vil ha meir…
Heidi