27.mai
Mesteparten av dagen vart brukt til noko eg ikkje er flink til, hagestell. Armane ser ut som om eg har vore i slåsskamp med ein katt etter å ha lukt rosebedet. Rosene viste seg å vera fulle av lus. Kva gjer eg med det, mon tru. Ripsbusken er planta etter mykje om og men og til eventuell forlystelse frå naboar. Det tok tid å bli einige om kor han skulle stå, og han måtte gravast opp att fleire gonger. Til slutt havna han i bakhagen, som har vore hagemessig katastrofeområde, men det kom seg litt i løpet av dagen. Området må i utstrekning vera det minste det går an å kalla hage, så det burde la seg gjera å få skikk på det. Til slutt kunne me setja oss ned på terrassen og eta middag ute for første gongen i år, og konstatera at sett med milde vennlege auge, så hadde me då fått gjort litt i dag. Leif er i rettemodus og er sensor for store mengdar norskeksamenstilar, så den som måtte vera hovudgartnar i dag var meg. Veret har vore heilt fantastisk, dagen har hatt med seg skikkelege sommarkjensler.
Me venta til klokka var nesten ni for å få det aller finaste lyset. Så reiste me ein kveldstur til Sele.
Blomane stod der og gløda i kveldslyset,
Svalene flaug lågt og varsla regn. Tjeld og måkar skreik, og det må vel vera songlerka eg høyrde i saman med taktfaste vii-iip skrik? I eit ganske stort område var sanddynene heilt dekte av marehalm og blålilla lupinar. Det var så fint. Eg skulle ynskja eg fekk det endå betre fram på bileta.
Sjøhusa gløda medan sola gjekk ned i havet.
Me kjørde om Orre heim for å få med oss siste del av solnedgangen frå ulike synspunkt. Dersom eg hadde vore ein annan plass i landet akkurat nå, ser eg ikkje vekk frå at songen om å koma heim og sjå ein solnedgang på Jæren hadde dukka opp ved synet av desse bileta. Mot normalt, som det heiter i vermeldinga, så var det vindstille og i tillegg relativt godt og varmt heilt til siste del av solskiva hadde dukka ned bak horisonten. Dei melder ikkje fullt så fint ver i morgon, men me takkar og bukkar for dagen me fekk.
Heidi