Gå til innhald

Sundag sist i mai

mai 28, 2017

Brunsneglar kan eg styra meg for, men denne vesle gule sneglen som drikk regn på ein knallrosa rhododendron er då ganske fin? Då eg forstørra biletet såg eg ar det såg ut til å vera ein skade i skalet som om han har fått seg ein trøkk, men klart å koma seg på føtene/ foten igjen.  Det er kanskje å dra det litt langt å seia at det får vera dagens sundagspreike…

Då kan eg jo fortsetja med at klokka elleve gjorde eg noko så fromt som å vera på jærdagsgudsteneste på torget i høljeregn. Eg var der i lag med Torun og Astrid og me hadde det rett og slett ganske fint der me sat tett i tett med mange andre under eit presenningstak og såg på regnet ute og song med på songane tonesett av ei flink musikargruppe med unge forsongarar og to dansejenter med banner. Det var fint alt saman, men det som gjorde sterkast inntrykk på meg var å høyra Hanna Sannes synga Tore Thomassen sin song «Bønn for byen»:

Bønn for byen

Jesus kom til byen kom og bo her
Kom, flytt inn i hus av alle slag
Du som vet hva kjærlighet og tro er
Tenn ditt stille lys i byens jag
Gå omkring i byens mange gater
Hold omkring hver ensom hjemløs sjel
Let bak stumme ord og surrogater
Selv blant gråstein skinner en juvel!

Stikk en tur på byens mange barer
Jesus du ser hvem vi alle er
Du er den som lytter før du svarer
Slik at sannheten kan komme nær!
Tal til mammons mange små pirater
Tal om livets aller største skatt
Avslør dette overflodsteater
Før det går mot kveld og det blir natt

Lys din fred mot alle TV skjermer
Og til hver en opplagsfet avis
Tal om løgn der blitzlampene svermer
Sannheten har alltid hatt sin pris
Jesus gi hvert barn et sett med vinger
Og hver ungdom håp og hverdagsmot
Når den store himmelklokka ringer
Styrk hver gammel, syk og skrøplig fot

Sett en krans av stjerner på hvert hode
Lys for oss så ingen går seg vill
Se til dem som ikke helt kan tro det
At du er i byen
At du er her i byen
At du er i byen og er til!

Tekst: Tore Thomassen

DCIM100MEDIADJI_0006.JPG

Hanna song så vakkert at eg kunne ynskja eg kunne leggja songen hennar ut her. Det eg klarte var å finna teksten ved å googla, så den kan eg by på. Medan ho song viste dei bilete frå Brynebyen på storskjerm. Dette har Leif teke, det kan fungera her.

Etter gudstenesten gjekk me heim til Astrid som baud på kyrkjekaffi og nysteikte vaflar. Etterpå reiste me til Ingrid og henta ein liten firbeint venn som skal bu her nokre dagar.

Det ville vera ei veldig stor overdriving å seia at eg og Leif har ei gourmetkokkaktig tinærming til sundagsmiddagar. Ofte blir det å røra saman noko av det me finn i kjøleskap eller frysar. I dag slo me til med ovnsbakt steinbit, eller var det kanskje kveite, med parmesan og kryddarsmør og potetmos med kvitløk og urter. Det smakte veldig godt. Me hadde til og med jordbær til dessert som smakte nesten som dei norske og heimebakte safranbiscotti. Bare for å ha nevnt det…

image

Nå trur eg eg vil skriva ein song… Begynna på ein i alle fall… Men for å fortsetja snegleevangeliet. Det er greitt å hugsa at Ting Tek Tid.

image

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: