Livet høyrer Herren til – Møtte meg sjølv i døra…
For tre-fire år sidan var eg på toget mellom Bryne og Oslo. Akkurat då me stod i midtgangen, fordi dei snudde seta i Kristiansand, ringde mobilen min frå ukjend nummer. Forviten som eg er ,så tok eg han sjølv om situasjonen var litt spesiell akkurat der og då. «Snakkar eg med forfattaren Heidi Strand Harboe,» spurde det i den andre enden. Eg vart målbunden eit sekund. «I alle fall med Heidi Strand Harboe,» svara eg…
Dei ringde frå Verbum Forlag. Ville eg vera med på eit prosjekt der mange ulike lyrikarar fekk ein bibeltekst kvar, og så skreiv eit dikt ut i frå det? Det skulle vera ein tekst for kvar sundag og heilagdag i kyrkjeåret, og me ville få tilsend vår tekst. Jo, då det høyrdest spennande ut, det ville eg vera med på. Teksten eg fekk byggjer den gamle jødiske trusvedkjenninga: «Høyr Israel, Herren er ein… » og held fram med at desse orda skal hengast på portane, bindast om handledda og berast i panna slik at ein aldri gøymer dei.
Boka kom og boka var fin. Sidan det sjeldan blir slik at ein les ei heil diktbok i strekk, så fekk eg ein idé då inneverande kyrkjeår starta. Me kunne lesa det diktet som passa til sundagane når me åt sundagsfrokost. I dag slo eg opp på treeingssundag, og tenkte med første augnekast at det diktet trur eg eg har lese før, eg kjenner det at. Sekundet etter forstod eg at eg rett og slett var kome til mitt eige dikt… Det var rart å lesa det igjen, sidan det bare står på trykk i boka «Bibeldikt» og ikkje i mine eigne bøker som eg ofte les opp i frå, så ser eg det ikkje så ofte. Eg tenkte at det måtte eg kunna by på på bloggen i dag, så her kjem det…
Livet høyrer Herren til
Eg brettar hjartet mitt ut som ei skål,
der legg eg orda om kven du er
saman med villroser og rabarbra,
sitronar, eple og jordbær.
For du, min Gud,
er tyngda mi og vengene mine.
Du er bølgjene som ber meg,
og kjærleiken
som gir meg namn og forandrar meg.
Eg bind orda om deg
inn i blomekransar og perlekjeder.
Eg festar dei rundt handledda mine
med strikk og hengelåsar,
tett mot puls og hjarteslag
for ikkje skal eg gløyma å hugsa
kven eg høyrer til.
Eg skriv namnet ditt med nakne fingertuppar
på ryggen og hjartet til mine nyfødde barn.
Med modig og skjelvande skrift
skriv eg på panna deira
bøner om alt som sidan skal skje.
Heidi
Det var et nydelig dikt, du skriver så fint
Fint dikt.
Bibelteksten er utfordrene
Du tok utfordringen og
Viste Herren til den du møtte
OG
Herren viste seg for Deg
fordi du delte videre
av det Han gav Deg
Velsignelsen fra Herren
fortsetter
uten ende
Ha en god velsignet uke.
«MinsteBror»
Takk for diktet! Eg fann det i «Bibeldikt» og las det på eit fellesskapsmøte i vår. Det var attkjenning og ei god oppleving.