Arbeidsdag i Ebeltoft
Den første aleinedagen vår kom med plaskregnet. Det passa i grunnen godt for oss, for me hadde planlagd å koma i gang med eit arbeid me har lyst til å få gjort i løpet av sommaren, å bli ferdige med den nye boka med mine dikt og Leif sine bilete, som me har lyst til å gje ut i haust.
Dette er ein flott plass å jobba, langt borte frå det meste som kunne distrahert, og eg synest at eg har fått gjort mykje. Eg har gått gjennom ca 170 tekstar, det er ein førsteutval og utan tvil for mange. Eg kan sjå at nokre er dårlege eller skrivne før, dei tek eg vekk. Eg har nokre eg er heilt fornøgd med, dei skal med. Så er det alle dei andre der eg kjem i tvil og går meg vekk i eigne ord. Skal dei kasserast, forandrast på, slåst saman, forkortast, forlengast eller kanskje helst forleggjast inntil vidare… Me får sjå… Av og til blir eg overraska over at mange liker det eg sjølv har vore mest i tvil om.
Eg har bedd fire utvalde personar fint om dei kunne tenkja seg å lesa og melda tilbake, og alle har svart ja. Eg har sikkert vor upedagogisk og send dei alt for mykje tekst på ein gong. Eg har og vore innom tanken på tittel, kanskje eg spør bloggleserane mine om råd i løpet av veka…
Me har ikkje site inne heile dagen, me måtte ut ein tur for å sjå oss om, fotografera og røra litt på oss og. Visst er her utruleg vakkert sjølv i heftig regnver. Regnver er forresten fantastisk ver å fotografera i for lyset blir så fint. Det å bli klissvåt er kanskje den største ulempa med å vera ute i høljeregn, men så lenge ein har ein tørr plass å koma tilbake til, og tørre klede å ta på seg, så er det ikkje så farleg,
Eg har og brukt nokre timar på å brodert på dåpskjolen frå Alveland. Eg broderer raunbær og skyer og stjerner i kvitt og sølv. Det er eit veldig stort arbeid, men veldig fredeleg å sitja med. Det må vel nesten vera ein variant av ei mindfulnessøving. Eg legg gode tankar og bøner om alt som koma skal ned i stinga, og gler meg til nokon skal få bruk for kjolen. Framleis har eg god tid, og det er bra. Eg håpar å få gjort mest mogleg i sommar. Eg har brodert Karendrakter med det same mønsteret til beg døtrene mine, så eg visste på ein måte kva eg gav meg i kast med. Eg liker at broderia er naturen på Jæren. Det er litt rart å brodera kvite raunbær, men det blir fint, Eg har gitt meg sjølv lov til å brodera stjernene litt større enn dei skal vera bar fordi eg fekk lyst. Elles så håpar eg at eg skal klara å tøyle kreativiteten, for her er det handverksdelen som er viktig.
Medan eg har sitte her med tastatura mine har viss juni blitt til juli. Tid og stad løyser seg opp mens eg jobbar… B- mennesket i meg har endeleg fått lov til å slå av morgonalarmen på mobilen. Akkurat den hindringa er noko av det finaste med å få sommarferie…
Heidi