Til kirke i Danmark
Me hadde for lenge sidan bestemt at i dag ville me få med sundagsgudstenesten i Ebeltoft kirke. Likevel klarte me på uforklarleg sett å vera for seint ute. Morgonkaffien smakte for godt, klokka gjekk for fort og kyrkja låg ikkje heilt der me trudde.
Då me kom inn ca ti minutt over elleve var presten på veg opp kyrkjegolvet. Eg lurer på om han hadde stått i døra for å ynskja velkomen under preludiumet og den første salmen. Me oppdaga fort at her trong me salmebok, det hadde me ikkje tenkt på etter å ha vent oss til storskjerm med tekstar. Heldigvis låg det ei i kyrkjebenken. Det sparte oss for å laga endå meir bråk, det var slike gamle benkjer med port framfor som det er i gamle kyrkjer.
Heldigvis bruker dei ikkje storskjerm i koret på kyrkjer som er bygde på 13- hundretalet og bygd vidare på på femtenhundretalet. Det var nesten som ein gudstjeneste frå barndomen. Danske prestar brukar framleis svart kjole og pipekrage, og liturgien minna om slik det var i Norge for fleire reformar sidan. Eg la forresten merke til at i trusvedkjenninga brukte menigheten den kollektive forma «vi». Vi tror på Gud Fader den almæktige… I mine øyrer høyrdest det fint ut, som ei kollektiv tru der ein ber kvarandre.
Presten hadde ei einmannsgudsteneste utan gudstenesteutval, tekstlesarar, kollektinnsamlarar, forsongarar, medhjelpande nattverdutdelarar og sundagsskule,medhjelparar. Det er mogleg dette er annleis utan om sommarferien, men det virka som om det var slik det pleidde å vera. Barna fekk utdelte teiknesakar, det var det heile. Eg såg ikkje ein gong ein klokkar der, men det må det vel ha vore. Presten kom med opplysningane frå preikestolen og der tok han.
Organisten var på plass. Han eller ho spelte fint. Det var mange vers på salmane som var lyse og lette i melodien. Då presten gjekk på preikestolen og begynte å tala, viste det seg at det var ein litt metallaktig romklang i mikrofonen. Det var ingen miksepult bak i kyrkja, så det var nok den mikrofonen folk bare fekk venna seg til. Eg høyrde veldig fort at dette var ein prest det var ekstra interessant å lytta til, så det gjaldt å finstilla dei norske øyrene sine for å få det heile med seg?
Han begynte preika med å sitera ei gammal revyvise om at » Det er fint at være full». Så fortsatte han «og vi ved da alle at det er fint at være full, det er det da noget eget og glæderik ved». Vestlandspietisten i meg tenkte med ein viss ironisk distanse og eit lite glimt i auget at » Ja nå er eg heilt tydeleg i Danmark.» Eg hadde til og med lyst til å kviskra det til Leif, men sidan han har litt nedsett hørsel, så tok eg ikkje sjansen. I staden oppdaga eg at eg hadde høyrt feil, mannen snakka om » at være funden», og det er i grunnen noko heilt anna.
Teksten var om «Det fortabte får og den mistede drakme». Han var innom HC Andersen sin historie om Klods-Hans som alltid var åben for fund, og at han brugte sine fund til at åbne andres hjerter, i dette tilfellet prinsessens hjerte.
Så var det «altergang». Det vart bedd fadervår medan nattverdsgjestene stod ved alterringen. Presten delte ut brød og vin aleine, og alle låg på kne til alle hadde fått sakramentet. Så lyste presten velsignelsen og gjorde krossteiknet med kalken i handa. Det var fint og roleg og verdig. Det skal og seiast at sterkare altervin har eg viss aldri fått. I min munn smakte det mest som portvin, eller nesten likør, men vinkjennar skal eg absolutt ikkje påberopa meg å vera…
I løpet av nokså nøyaktig ein time var gudstenesta over. Eg sakna dei ni bønneslaga med kyrkjeklokkene, men me fekk ny velsigning og utgangsbøn før postludiet som var fylt av glede og tangotonar.
Eg håpar ingen les noko anna mellom linjene, for for meg var dette ein fin gudsteneste der eg fann inspirasjon, trøyst og glede. På Bryne er det mange menneske i sving når me feirer gudsteneste, og det er fint, men det var faktisk veldig fint dette og…
Og kor ferda gjekk vidare for den ferierande Klods – Hans med ægtefælde? Først til eit besøk på glasspustermuseet, så ein spasertur langs havna i frisk vind før me tok sundagskaffien med kvar vår softis på ein fortausrestaurant. Det er fint å feira sommarsundag.
Heidi
Morsom beskrivelse, jeg har også vært i den kirken en gang. Koret til datteren min var på tur og hadde fått lov å synge ved gudstjenesten der. Jentene sang fint og satt pent og hørte på presten. Da de gikk til nattverd ble de litt satt ut av den sterke altervinen, det var helt ukjent for dem. Nattverden var samtaleemne hele den dagen.