Gjensyn med Jesusvekkelsen
«Vi er søsken, og sammen skal vi slåss. Vi vil kjempe mot hat og løgn og lunkenhet som
hersker over oss.» Slik song me saman med Kari Hansa og Gregers Hes av full hals på slutten av syttitalet, og songen har vel eigentleg aldri slutta heilt å synga i meg. Denne tida står for meg som ei tid med mange gitarar, lange lilla skjørt, fletter, stripete sokkar, tresko på føtene og sterk og optimistisk tru på alt som godt var. Eg trur at det at eg fann att mykje av denne idealismen gjorde at eg forelska meg i Korsveibevegelsen ein gong på nittitalet.
To av dei arrangementa det var ei stor oppleving å få med meg i sommar var seminaret «Savnet etter åndelige foreldre,» der Tore Hynnekleiv hadde invitert til eit samver med fokus på å bygga fellesskap på tvers av generasjonane. Han hadde invitert fire personar som var sentrale i Jesusvekkelsen i Norge som «vaksne» gjester som skulle fortelja om denne spesielle perioden. Desse fire var mor hans Grethe Salomonsen Hynnekleiv, Peter Svalheim som har skrive bok om denne tida, og Hans Erik Schei og Gregers Lundh, dei to siste frå songgruppa Kari Hansa og Gregers Lundh. To av dei hadde eg møtt før, Grethe Salomonsen frå ho var musikalsk gjest i ungdomssgruppa eg gjekk i, og Peter Svalheim frå den gongen eg var gjest på Fredens bolig i nokre dagar saman med to venninner for å besøkja systera til den eine som budde der ein periode.
Det siste gav meg sterke inntrykk som framleis sit som spikra. For meg virka livet på Fredens bolig heilt fantastisk, eit kollektiv halde oppe av tru og fantastiske bebuarar slik eg opplevde det då. Som alle gjester måtte me vera med på arbeidet der dei dagane me var gjester. Eg meiner å hugsa at eg lukte salatbed, men det eg hugsar heilt sikkert var at eg vart sett til å partera kokte kaniner frå eit av bura i hagen som skulle brukast i ein middagsrett…
Dette biletet av Peter som blir intervjua av Tore har eg ikkje spurt om lov til å bruka, men eg håpar ikkje at dei har noko i mot det. Det var spennande å høyra om opplevingane deira og kven dei er i dag. Noko av det som slo meg var kor unge dei var då dette skjedde, kor mykje ansvar dei tok på seg, og kor entusiastiske, sterkttruande og idealistiske dei var desse ungdomane som var akkurat hakket eldre enn meg. Mange på min alder var på dei legendariske gudstenestene i trefoldighetskirken i Oslo, der ungdommar sat tett i tett på golvet for å få plass. Der var aldri eg, men den same vekkelsen var til stades i Rogaland og med fleire besøk av team frå Ungdom i oppdrag, Jesusplakatar på veggene, buttons på jakkane, vevde omslag på biblane og Jesus lever på skuleranslane. Den raude songboka frå Ung visjon i Molde, heiter ho Pris Herren?, var ivrig i bruk. På slutten av seminaret var det allsong av songar frå den tida, og taket haldt på å letta.
Same kvelden var det allsongkonsert med dei same personane pluss litt yngre forsterkingar «Syng med Jesusbevegelsen». Det var liten tvil om at dei fleste som kom var menneske med forhold til desse songane, som dei fleste av oss sikkert ikkje hadde sunge på lenge. Eg såg auga til rekkjevis av menneske på femtifem pluss bli unge og brennande og sånn omtrent sytten år gamle. Folk song seg hese og det vart oppfordra til dans etter same mønster som den gongen. Folk tok kvarandre i hendene, danna små og store ringar og dansa meir eller mindre uorganisert rundt i lokalet medan dei song med ein styrke som nesten grensa til skriking. Eg prøvde å filma litt av det med mobilen for å senda til ungane mine og fortelja at dette er ein viktig del av mi tenåringstid, men eg gav i grunnen opp prosjektet. Eg var ikkje heilt sikker på om dei ville forstå. Eg syntest og å merka at blikka til ein del av dei yngste der inne var litt forskrekka oppsperra, var foreldregenerasjonen i ferd med å bli galne? Dette er sjølvsagt mi heilt private tolking frå ein hjerne som har lett for å spinna historiar, men eg trur at dei fekk ei slags oppleving av at det var ganske kraftige saker det der som rørde seg på syttitalet ein gong.
Det var ei flott oppleving, som førde til både lått, humor og varme hjarte. På ein måte blei det ei påminning om at på mange vis så lever denne tida i oss sjølv om tidene forandrar seg. Det er spennande å sjå kva trusuttrykk som openbarer seg etterkvart som tidene endrer seg. Sjølv om eg kanskje har eit litt anna blikk på ein del av dette enn eg hadde då eg var seksten og sytten år, og sjølv om eg må innrømma at den gongen var eg litt engsteleg for dei aller sterkaste uttrykka, så er den sterkaste kjensla rundt Jesusbevegelsen i Norge: Så heldige me var som fekk lov til å oppleva det. Det same kan eg seia om denne torsdagskvelden i Seljord i 2017.
Heidi