Gå til innhald

Ein siste snartur innom Korsveifestivalen

august 3, 2017

Det er fint i Seljord. For mange vestlendingar var festivalen ein velkomen smak av sommar etter nokså kalde og våte dagar. Det er fine stadar å gå tur, men eg må innrømma at når eg er på festival, så blir eg heilt hekta på å få med meg mest mogleg av programmet. Eg var snautt nok utanfor Dyrskuplassen den vesle veka me var der. Siste dagen gjekk eg og Torun ned frå folkehøgskulen der me budde i år. Me var bare måteleg frista av teltlivet i eventuell regn og sorpe, så det vart den litt meir lettvinne varianten i forhold til teltlivet me elles har halde på. Det fine er at sjølv om eit overnattar utanom området, så blir ein knytta opp til eit tun og livet der.

Me budde i lag med veldig trivelege folk, og kvar dag brukte me to timar midt på dagen til å samarbeida om å laga ganske så avanserte middagar utstyret tatt i betraktning. Det er eit stort apparat bare rundt det med middagslaging, matutdeling, oppskrifter med kortreist mat og sunne råvarer.

Noko av det mest spennande eg gjorde var eit lite stunt i lag med Carl Petter Opsahl, som i tillegg til å vera gateprest i Oslo er ein veldig flink musikar. Me har samarbeida ein del om tekstar og melodiar, men aldri opptredd saman. Me ser i grunnen bare kvarandre på Korsveifestivalar, og me snakka litt om på førehand at det hadde vore spennande å gjera noko saman ein kveld i Seljord. Eg trudde at det var noko som heitte open scene eller open mikrofon på nattkafeen, og det kunne vera eit konsept som passa oss godt.

Det viste seg at den opne scenen ikkje eksisterte lenger, og eg hadde ikkje sett for meg kor travelt det faktisk ville vera for Carl Petter som var festivalmusikar og i tillegg hadde ei kveldsmesse og var med på konsertar. Heldigvis for meg, så hadde han lyst til å gjennomføra planen vår likevel, og med minimal sjanse til øving fekk me lånt oss eit lokale på området og inviterte til Stuntpoesi med tonefylgje siste kvelden. Eg var veldig usikker på om nokon kom til å koma, for er ein metta på inntrykk nokon gong, så er ein det siste kvelden på festival. Me lot døra stå open då me begynte, og jammen ramla det ikkje inn ein del folk. Carl Petter improviserte på klarinetten medan eg las deler av den nye diktsamlinga som kjem i haust. Det var kjempekjekt, det skulle eg gjerne gjera meir av. Me får sjå kva som legg seg til rettes i dette merkelege og innhaldsmetta livet.

IMG_1570

Før stuntpoesien var eg ute og plukka markblomar og lånte meg plastglas for å pynta litt i lokalet. Torun hadde eit diakonlys å låna meg, og så fekk julikvelden og musikken stå for resten.

Eg hadde bestemt meg for å skriva eit til innlegg frå Korsveifestivalen, og eg har tenkt litt fram om tilbake kva eg skulle ta med. Til slutt vart det slik som dette. Ikkje sjå vekk i frå at eg plutseleg er tilbake i eit anna blogginnlegg. Eg kjenner at eg framleis kunne ha skrive mykje, men enkelte ting er det ganske omfattande å skriva om dersom eg skal yta dei involverte rettferd…

Heidi

From → Uncategorized

One Comment
  1. Atle permalink

    Stuntpoesien vart ein flott kveld, Heidi, som eg håper de kan gjere meir av ein annan gong. På Korsvei eller elles.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: