Luke 2 2017 Elvira Huskestuen skal på julebord
Denne veka hadde me tema «sjølvironi» i femte klasse. Eg sa mellom anna at den som kan le av seg sjølv har alltid noko å le av. Så vart elevane oppfordra til å fortelja historiar frå eigne liv der noko har gale. I dag fekk eg lyst til å by på sånn omtrent det eg oppfordra elevane til å gjera.
Før eg skriv vidare på eg introdusera Elvira Huskestuen for dei som les dette. Som barn var eg umetteleg på alt som kunne lesast, og i bokhylla heime hadde mor eit verk som heitte «Husmorens arbeidsbok». Eg meiner denne var i to bind og innbundne i raudt. Kor mor fekk desse bøkene frå anar eg ikkje, kanskje dei var ein gave frå far? Om hu las dei nokon gong veit eg heller ikkje, men sjølv meiner eg at eg las dei frå perm til perm med ein viss interesse. Her stod det om alt frå praktisk innreiing av heimen, gode arbeidsstillingar og hensiktsmessig utstyr. At eg las dette i ein alder av åtte -ti år, skulle tilseiast at det ikkje er all lærdom ein kan lesa seg til…
I boka var det to eksempelpersonar. Hovudpersonen har eg gløymt kva heitte, la oss kalla henne for Kari Storgarden. Det var ho som gjorde alt rett, hadde passe høg kjøkkenbenk, rette typen arbeidssko og eit alltid ryddig hus. Den andre personen heitte Elvira Huskestuen og gjorde alt galt til skrekk og advarsel for lesarane. Elvira Huskestuen hadde mellom anna strykebrettet sitt på heil feil stad i huset, slik at ho måtte gå unødig mange steg kvar gong det skulle strykast. Eg hugsar ein av setningane ordrett framleis :»Stakkars lille upraktiske Elvira Huskestuen». Eg hugsar at det gjekk litt kaldt nedover ryggen min. Allereie då fekk eg ei foruroligande kjensle av at det kunne tenkjast at eg vart Elvira Huskestuen og ikkje prektige Kari Storgarden når eg ein gong kom til det punktet at det skulle haldast hus…
Sidan har Elvira Huskestuen fulgt meg. Ho dukkar opp rett som det er, og eg har lært meg å møta stakkars vesle upraktiske Elvira huskestuen med ein viss varme og humor. I går var ho på banen. Me skulle ha julebord i kollegiet og mitt team hadde ansvaret. I oppløpet på ettermiddagen skulle eg ein tur innom kjøpesenteret for å handla litt. Grunnen til at eg valde denne staden, som er garantert kaotisk på ein fredag ettermiddag, var at eg var på halvdesperat jakt etter paraplyar til paraplydrinkar. Det er første gongen i mitt liv eg har vore på jakt etter akkurat dette, og grunnen kan eg ikkje røpa endå. Det viste seg at dette tåpelege vesle tilbehøyret til høg partyfaktor såg ut til å vera heit passé. Eg var på Nille, Søstrene Grene, Obs og andre stader på jakt etter papirparaplyar, men måtte til slutt resignera… Kor er alle paraplydrinkparaplyane når ein for ein gongs skuld treng dei?
Ved ankomst klarte eg å få vippa til meg ein parkeringsplass fordi den forrige kunden køyrde ut. Eg vart ståande litt på skrå, men tenkte at det kunne vel ikkje vera så farleg bare eg fekk plass innanfor det oppmalte rektangelet. På min jakt etter paraplyane raska eg med meg litt av kvart som eg meinte eg kunne trenga fram til jul, så då eg nådde matbutikken vart handlevogna nesten fylt av posar frå andre butikkar. Eg var til og med innom og prøvde ny julekjole på rein impuls, men eg fann ut at den eg håpa hang nystroken i skapet fekk duga. Det eg absolutt trong nå var Fjordlandgraut til riskrem , raud saus, fløte og vaniljesukker. Eg kom på at eg ikkje var sikker på om me hadde vanleg sukker i heimen, så det ville eg ha med. Ein heil reol var merka «sukker» og eg gjekk fram og tilbake utan å finna det eg leitte etter. Til slutt oppdaga eg at dei var tome for vanleg sukker, kanskje er det neste ledd i den politiske aksjonen mot sukker at det skal tast ut av hyllene den siste månaden før jul? Eg fann ut at finmalt økologisk sukker nok kunne duga sjølv om det var tre gonger så dyrt. Då eg etter ei stund stod i kassakø, oppdaga eg at eg stod der mellom julepynten med kvitt pulver rundt skoa, det kvite pulveret var ikkje snø. Eg gjorde ho i kassen merksam på at det nok hadde gått hol i sukkerposen, men det var heilt greitt for meg at ho la posen i ein plastpose. Litt diskret gjorde eg henne merksam på at det var sukker på golvet og. Ho bare nikka og gjorde ikkje noko nummer av det.
Eg hadde kjøpt gavepapir som ho gong på gong drog gjennom scannaren. Til slutt spurde ho om eg hadde sett prisen på det, for ho fekk ikkje scannaren til å virka. Først då kom eg på at det papiret hadde eg viss allereie betalt hos Søstrene Grene… Ho spurde om eg hadde coop-kort. Det sa eg at eg hadde, men at det nok låg i ei anna veske. Ho såg nesten litt letta ut over å sleppa å bruka tid på at dette kaotisk kvinnemennesket av ein kunde skulle leita gjennom alt ho hadde for å finna rett kort.
Ute på parkeringsplassen virka klikk-med-bilnøkkelen- trikset heilt utmerka. Eg fann bilen veldig fort. Det eg heldigvis ikkje hadde forstått var kor vanskeleg det skulle bli å få lirka bilen ut av parkeringsluka med utålmodige medsjåførar på alle kantar. Me har utmerka rygge-og-krasjealarmar, og for å seia det slik så var det firstemd musikk frå alle alarmane medan eg prøvde å få bilen ut med ein utålmodig parkør bak meg og endå fleire framfor meg. Eg roa meg ned med å seia høgt til meg sjølv at «dette, kjem til å gå bra, bare bruk den tida du treng», og med ei takkebøn til høgare makter var eg ettekvart klar til å kasta meg inn i ei overfylt rundkjøring for å koma meg heim til riskremmekking og partyklargjering. Det såg lenge ut til at eg nesten skulle klara å koma meg til åstaden til avtalt tid for dei i komiteen, kjolen måtte strykast, men var elles i fin stand. Eg klarte og å klatra opp for å henta ned den største glasskåla i heimen utan problem: Plutseleg vart utfordringa å finna pakken med strømpebukser som eg for ein time sidan hadde kjøpt for anlendingen. Eg virra rundt i heile huset og prøvde å finna ut kor eg kunne ha lagt han. Til slutt måtte eg senda melding til Kim: «Eg virrar rundt i huset og leiter etter noko, kjem så fort eg kan.» Å fortelja kva eg leitte etter var i overkant med informasjon fann eg ut. Det var ikkje utan baktanke eg sende akkurat til han, for svaret var som forventa: «Ikkje stress, Heidi, kom når du er klar». Til slutt fann eg ei heil strømpebukse i eit skap, og først då eg var klar såg eg at pakken eg leitte etter hadde lege på kjøkkenbenken heile tida. Skosnorene på begge vinterskorne hadde røke og var provisorisk samankytta. Eg hadde kjøpt nye snorer på kjøpesenteret , men fann ut at det kunne eg ikkje bruka tid på å fiksa nå. Det viste seg at den eine skoen var provisorisk knytta så stramt at det ikkje let seg gjera å få foten nedi… Det ende med at eg kutta heile skosnora og la i veg med veska over den eine armen, eit nett med tre pakkar bringebærsaus, to sausemuggar, ei skei og eit par for store finsko med dopapir i tåa over den eine armen, og ei stor glasskål med fem kilo riskrem i hendene.
Ute var det glatt, så historien kunne end med mange spennande forviklingar, men eg kom meg fram til lokalet med riskremen og lårhalsane i behald på trass av ein uknytta sko. Det var framleis ti minutt til resten av gjestene skulle koma, og teamet mitt sat der med ferdig dekka bord, vakkert pynta alle saman. Damene med uklanderleg neglelakk, fine glatta hårfrisyrer og perfekt selskapssminke, herrene i dress. Sjølv kom eg ramlande inn med alt mitt, og det første eg gjorde var å gå på gangen og skifta skosnorer. Eg var usikker på om eg våga å sjekka i spegelen om mascara foundation, rouge og lebestift som eg hadde brukt tre minutter på å prøva å få på plass, flaut rundt i heile ansiktet. Så trekte eg pusten djupt og tenkte at «Nå er eg på fest, og dette blir heilt sikkert kjekt.»
«I dag er det Elvira Huskestuen som kjem på fest,» kviskra eg til Jan Ivar. «Det såg eg med det same,» repliserte han. Eg forklarte til nokre av dei andre at dagen var blitt litt meir travel enn eg hadde trudd, og at eg heller fekk gjera ein skikkeleg innsats med ryddinga. Ei av dei sa «Du blir jo aldri stressa, du Heidi, eg har faktisk aldri sett deg stressa.»
Så fint då, tenkte eg. Og så kunne festen begynna. Årets første pinnekjøt smakte godt.
Heidi