Gå til innhald
Tags

Luke 4 Reisen til julestjernen

desember 4, 2017

I går la me to vaksne i heimen ut på tur i regnet for å sjå Reisen til julestjernen i Storstova. Det var jo spennande at me for første gong skulle sjå Oddvar på scenen. Han spelar Ole, som er ansatt på slottet. Eg er mektig imponert over denne teaterproduksjonen. Det var som å koma inn i eit eventyrland. Scenen var nydeleg, kostyma fantastiske og skodespelarane veldig flinke. Sjølvsagt set det ein spiss på det heile å kjenna opptil fleire av skodespelarane, men eg hadde kost meg sjølv om eg ikkje hadde kjend ei sjel. Eg synest det er fantastisk at Camilla og Trine og dei andre involverte kan få til noko så flott på vesle Bryne. Eg er ei barnsleg sjel som sikkert ikkje er representativ for gruppa «vaksne menneske,» men eg må innrømma at tårene rann då Sonja fekk julestjerna av ein engel, -bare fordi det var så hinsides vakkert. Heia Oddvar, svigermor er stolt av deg.

Vel heime måtte me feira litt at det var første sundag i advent, så i full fart vart det julestjerne i vidauget, lilla lys i adventstaken, gjærkringle i steikeomnen og kakao i ei stor gryte på komfyren. Det var nesten litt høgtid over det å tenna adventslys med eit barnebarn på fanget. Etterkvart fekk me telefonbesøk av Sunniva som snakka med oss alle på facetime eller kva det heiter. Utruleg kva teknologien kan brukast til…

I kveld har eg vore ute i forteljar- og oppleseroppdrag. Eg har vore på Vidsyn 18 etasjar over bakkenivå saman med 17 damer frå Inner wheel og ete deilig middag og nytt utsikten over lysa i eit desembermørkt jærlandskap. Det vart ein kveld med flotte damer og mykje humor og hjartevarme. Det er alltid kjekt å opptre når ein merkar at folk er lyttande. Eit av dikta eg las opp som eg syntest passa godt i kveld var «Håplause håparar»

 

HÅPLAUSE HÅPARAR

I mørke, blåsande kveldar
er det godt å vita
at det alltid går
ein og annan
håplaus håpar der ute.
Ein med lys i stormlykta
og eit hjarte som nektar å gi opp.
Det snublar mange av dei rundt på vegane
med narrehattar, klovnenasar eller nonnekjolar.
Eller bare
djupt alvorlege tenkjarar med bøner til Gud
og til livet
med snorer av håp
og av kjærleik
knytte fast til handledda sine.

 

Dette er eit dikt eg er glad i. Eg liker det dobbelte tolkingsromet som ligg i uttrykket Håplaus håpar. Eg håpar eg alltid vil vera ein av dei.  Diktet står i boka «Det kvite romet» som kom ut for fire år siden. Eg trur me har etterbestilt denne boka to gonger. I dag selde eg ei av dei, og nå trur eg me har bare ti att. Burde eg gøyma dei til eventuelt spesielt interesserte? Nei, eg veit ikkje heilt…  «Trur du me kjem til å bestilla fleire?» spurde eg Leif. «Nei, la oss heller konsentrera oss om dei to som er nyare, dei har me framleis mange av,» sa han. Det er noko rart med bøker, spesielt dei ein har skrive sjølv… Me vil jo gjerne selgja dei, samtidig er det litt rart når lageret blir tomt, og boka på ein måte ikkje heilt finst lenger. Ein blir jo litt blind på eige arbeid, så når nokon spør meg kva bok dei skal kjøpa og kva eg anbefalar, så er det veldig vanskeleg å svara. Dei er ulike på same måten som barna mine er ulike med kvar sine særtrekk, og eg er knytta til alle saman, sjølv om eg i ettertid kanskje ville ha gjort eit og anna litt annleis.

Då vart det ei luke å opna i dag og for dei som framleis måtte vera oppe…
Framleis god adventstid.

Heidi

 

From → Uncategorized

2 kommentarar
  1. Astrid Askeland Johnsen permalink

    Du skriv så fantastisk godt! Eg skulle gjerne hatt boka «det kvite rommet» kva kostar den?

    Med helsing
    Adtrid Askeland Johnsen

    Sendt fra min iPhone

    4. des. 2017 kl. 22:32 skrev sporisand <comment-reply@wordpress.com>:

    heidiskriv posted: » I går la me to vaksne i heimen ut på tur i regnet for å sjå Reisen til julestjernen i Storstova. Det var jo spennande at me for første gong skulle sjå Oddvar på scenen. Han spelar Ole, som er ansatt på slottet. Eg er mektig imponert over denne teaterp»

    • Boka kostar 250 kroner 🙂 Eg kan senda ho, då kjem porto i tillegg 🙂

      Sendt fra min iPhone

      > 4. des. 2017 kl. 22:39 skrev sporisand : > > >

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: