Luke 5 Desemberroser
I bedet framfor huset er det framleis rosa roser. Dette er kanskje siste veka me har dei før frosten tek knekken på dei siste, men enn så lenge er dei her.
I går møtte eg soresøster til ein tidlegare elev. Til min store glede kom ho bort for å gje meg ein klem, og ho kunne fortelja at broren hadde det bra. Eg bad henne helsa han masse, og i dag traff eg han for første gong på lenge. Han kom bort for å gje meg ein god klem. «Har du det bra?» spurde eg. «Ja, sjølvsagt har eg det bra,» svarte han, og eg kunne sjå at han meinte det. Det vart på ein måte den aller finaste rosa eg fekk i dag. Etter 31 år på Bryne skule har eg rukke å bli glad i mange barn, og har fulgt mange av dei tett i mange år. Det er så gildt å få klemmar på gata, og det er så fint å høyra at det går bra med dei, for på ein måte vil dei alltid ha eit rom i hjartet mitt. «Kjenner du meg ikkje igjen, Heidi», var det ein som spurde i skuletrappa der han plutseleg stod og var far til ein førsteklassing. «Har du gløymt meg?» Då måtte eg svara at eg hugsa han veldig godt som sjuåring, tiåring og tolvåring, eg visste bare ikkje før nå korleis han såg ut som trettifemåring.
Dagen i dag har vore av det fullmøblerte slaget. Først skule og møtetid, så kulturskule og til slutt veldig koseleg besøk av venninne Karin som kom innom eit ærend og heldigvis hadde tid til prata og drikka kaffi og. Me har kjend kvarandre sidan me gjekk i første klasse og venta på kvarandre utanfor fotografen for å ta følge til skulen. Av og til tenkjer eg at eg samlar på menneske. Det er så fint med slike ein har kjend lenge, og det er fint å kunna opna nye rom i seg sjølv for å bli kjend med nye menneske. Diktet under er skrive til Hilde som eg og har kjend lenge, me vart kjende i første halvdelen av åttitalet fordi kjærastane våre var bestevenner. Dette diktet er skrive til ein gong ho fylde runde år. Ein treng ikkje møtast veldig ofte for å vera venner, det er fint å vita at dei lever og er der, og at dei fleste bare er ein telefondistanse unna. Eg var i tvil om dette diktet var for privat til å koma i den nye boka, men det havna der. Eg trur at mange kan kjenna seg att, sjølv om dei ikkje kjenner dama det er skrive til.
Dikt til ei eg har kjent lenge
Dette å ha venner,
å gå på sida av nokon gjennom livet,
beundra mammamagar og nyfødde barn,
hugsa bryllaup og brudekjolar,
badeturar og store dagar,
å sjå meir enn tretti år tilbake
i blikket til kvarandre.
Å sjå at små ting kan bli store
om dei ikkje var det der og då,
marsipanfrosken i Ebeltoft,
han trong ikkje å smaka godt eingong.
Ein song om store gryter,
om samtalane rundt eit bord,
om å setja opp telt i høljeregn,
og om kveldsbøner frå Taizé.
Ein song om alle dagane som var,
og om dagane som skal koma,
om varme klemmer og andre tider
me framleis ikkje har sett,
men som me vonar skal bli gode.
Kanskje ein sommar
om tretti år eller meir
er det oss som sit i ein hage
med sjasminar og syrin
og ein kvit duk på bordet,
med kaffi svart som alle sorger,
og eplekake med krem,
eller kanskje ein marsipanfrosk
og takkar for alt me har fått,
medan me gler oss til framtida.
For av dei gode tinga me fekk
er barna våre det vakraste,
dei og vennskapen.
Heidi