Skip to content

Luke 6 -Eg hoppar av og på tog

desember 6, 2017

16AD9F42-7E38-4CEA-B228-D56FE2921DB3

Arbeidsdagen har vore intens og levande slik skuledagane ofte er det i desember. Saman med ein gjeng glade unger har eg laga englar. Raude englar, lilla englar rutete englar og kvite englar, englar med svarte fjør og kvite fjør, med perlekjeder og tiaraar, englar som kan fly og englar som helst ville liggja stille. Uhelbredeleg merka av eit år på formingslærarskulen i Nododden i den tida «Fri forming» var mantraet, så er eg aller mest fornøgd med slike prosjekt som ender opp med at elevane går heim med vidt forskjellige produkt.

I mitt hovud er ein engel som ser ut som eit romvesen eller ei and meir autentisk enn ein som ser masseprodusert ut, men eg innser at eg kanskje høyrer til ei lita sær og utdøyande undergruppe av lærarstanden. Når prosessen er på det aller mest prosessaktige, og det er fjør og perler og ulltråd på alle bord og golvflater, så hender det at eg synest det passar dårleg å få besøk av meir velorganiserte menneske, men til slutt blir det bra og alle er glade. Her skulle eg gjerne ha limt inn bilete av eit par særprega englar, men eg hadde rett og slett aldri tid til å ta opp mobilen, som for øvrig var gjengløymt på arbeidspulten min nede…

Etter ein naturfagtime med elleville PH-målingar, var det duka for nok ei kreativ økt der elevane skulle øva til ei forestilling me skal laga til resten av skulen siste veka. Det blir meir enn spennande å sjå om me kjem i mål, men me gjer jo som regel det…

Nå har eg pakka kofferten for å setja meg rett på toget etter jobb i morgon for å ha ei frihelg i Oslo/ Bærum. Ryktet seier at fleire deler av distansen kan bli med buss for tog. Me går sjå. Kanskje nokon har bruk for eit slagord eg laga akkurat nå: «Alt kan skje med NSB». NSB kan få det gratis av meg om dei vil. Eg har fleire fine turar med uventa element å takka dei for…

Nå skal eg på vift med Odd Christian. Me har tradisjon for ein dag i adventstida med julegavehandel og middag ute. Etterpå må eg innom Lillegull sidan eg ligg an til å vera borte frå henne ei heil langhelg.

Nå var det litt husrydding ja… Folk lurer på korleis eg får tid til alt eg gjer. Litt beskjemma må eg innrømma at det er ei prioriteringssak. I dag kan det kanskje passa å by på eit slags reisedikt frå den siste diktsamlinga mi…

Kanskje er det deg

Så går tida
som lange tog
gjennom det
foranderlege landskapet.

Det hender eg hopper av
og på i fart

og lurer på kor eg skal hen.

Kanskje er det deg eg møter
i ei av vognene.
Kanskje me gløymer å gå av
og blir gamle saman.

Heidi

 

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: