Skip to content

For glede, lengsel håp og fred, men mest allikevel for fred

desember 12, 2017

I morgon skal eg vera med på noko nytt. Eg er medansvarleg for å arrangera lysfest på skulen for dei av elevane våre som ikkje skal vera med på skulegudsteneste. Eg har ofte vore veldig aktivt med på planlegginga av julegudstenester, så då dei etterlyste folk som hadde lyst til å vera med på å arrangera det alternative opplegget, så fekk eg det for meg at det kanskje var min tur til å gjera ein innsats her. Livssyn, etikk, religion og historie er fag som interesserer meg veldig, og eg syntest i grunnen dette var ei spennande utfordring. Me skal pynta aulaen med mange levande lys, tenna adventkrans med Inger Hageup sitt vakre adventsdikt og fortelja om feiringa av lyset i forskjellige livssyn og religionar heilt frå førkristen tid i Norge, kristendomen si feiring av lyset, hinduistisk og sikhorientert feiring av lysfesten divali, jødisk hanukka, islamsk id og humanetisk feiring av menneskeverd og gode verdier. Handdokka Theodora er klar til å vera med meg når me har dei minste elevane, og er eg ekstra heldig står teknologien oss bi og, slik at me kan visa bilete og filmsnuttar og spela julemusikk…

Dette er på ingen måte eit innlegg i nokon debatt om skulegudstenester eller ikkje, og vil nødig at det skal oppfattast slik. Eg hadde bare lyst til å skriva at eg i grunnen gleder meg til i morgon og håpar at det blir ei god oppleving for ungane som skal vera i lag med oss. Som ein bieffekt får eg ikkje med meg skulegudstenesten. Eg ynskjer dei som er involverte der lukka til. Førjulstida på skulen skrir fram i eit tempo som gjer meg litt kjensla av å springa bak meg sjølv, men slik har det alltid vore, og slik skal det viss vera… I dag har me til og med hatt snø, elevane var elleville og rant på akebretta sine i friminutta sjølv då nedbøren fekk meir og meir preg av regn. Ein snømann og to på fotballbanen vart det og… Eg unnar regnværsbarna våre, som har vore ute i regn i dei fleste friminutta i snart fire månadar eit vinterfriminutt med snø.

Sjølv om eg foregrip dagane litt, så lar eg Inger Hagerup få slutta innlegget med det siste verset i advenstdiktet sitt.

Vi tenner fire lys i kveld, og lar dem brenne ned,
for lengsel, glede, håp og fred,
men mest allikevel for fred
på denne lille jord, der menneskene bor.

Inger Hagerup

Verset og biletet i dag får vera ein kommentar til fredsprisutdelinga som nettopp fann stad. I ungdomen gjekk eg med Nei-til- atomvåpen- merke på kåpa mi. Merket har eg mista, men hjartet mitt seier framleis det same som då om denne saka.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: