Gå til innhald

Luke 13- Boulevard of broken dreams

desember 13, 2017

Lysfesten vart eit fint arrangement. Å sitja tett saman med mange ungar i eit rom opplyst av stearinlys for å snakka om å tenna lys i mørket på ein av dei mørkaste dagane i året, kjendest fint. Etterpå hadde eg time i femte klasse om vennskap, og så var det øving til forestillinga vår.

Ein gjeng gutar bad om å få øva litt aleine på eit øverom. Litt nølande printa eg ut ein songtekst til dei og tjuvlånte trommestikker frå kulturskulen. Eg sa til dei at eg kom tilbake om ei lita stund for å sjå korleis det gjekk.

Då eg etter eit kvarter kom tilbake, sat tre av dei djupt konsentrerte over trommer og elgitarar, medan den fjerde sat på ein stol med teksten på eit notestativ og song. Det var noko med stemmen hans, og med måten dei framførde det på som gjekk rett i ryggrada på meg.

Det opna seg ei heilag luke i kvardagen. Det var heilt uventa at dei spelte og song så fint. Eg hadde nesten lyst til å setja meg ned og gråta over den rørande og upolerte versjonen av Boulevard of broken dreams, som dei framførde. Dei kikka bare så vidt opp og registrerte meg, men haldt roleg fram med songen sin.  Det er slike øyeblikk som gjer lærarjobben nesten magisk. «Får me lov til å framføra denne på forestillinga?» spurde dei.

Eg svara ja utan tenkjepause, vel vitande om at magi kan vera ein sommarfugl som lettar og flyg sin veg, men eg kryssar fingrane for at dei som skal høyra på vil få oppleva litt av det same som eg gjorde.

Etter vanleg arbeidstid, hadde eg fem utviklingssamatalar med elevar og foreldre. Det er alltid litt travelt på førehand, men nesten utan unntak opplever eg slike samtalar som ein veldig fin del av jobben min.

Det er fint å sjå elevane mine i lag med foreldre, og når foreldra sit der med det finaste dei har, går det alltid opp for meg kor ufatteleg stort ansvar det er å vera betrudd å stå der med deler av barndomen til desse barna i hendene sine. Det er nå dei er ungar, og det er nå me skal vera med og gje dei den barndomen dei skal bera med seg vidare gjennom livet, slik eg ber med meg barndomen min. Eg tenkjer på visdomsordet: Barnet som blir bore skal seinare bera den vaksne…

På Bryne skule har me eit fint motto: Me skal gje barna lyst på livet og evna til å meistra det. Eg håpar me klarer å halda denne visjonen oppe i vandringa vår gjennom nasjonale prøver, gangetabellar, grammatikk, øvingar i sosial kompetanse og i lange og mange friminutt i regnet.

Eg kan forsikra dei som les om at me gjer så godt me kan.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: